5468_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/eigarskap/aar
5468
Kjønnsfordelinga nær uendra
statistikk
2005-04-22T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
eigarskap, Eigarskap og roller i næringslivet (opphørt), eigarar, aksjonærar, eigarstruktur, personleg eigde føretak, aksjeselskap, allmennaksjeselskap, enkeltpersonføretak, føretaksstorleik, føretak etter næringEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Eigarskap og roller i næringslivet (opphørt)1. januar 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kjønnsfordelinga nær uendra

Delen kvinnelege rolleinnehavarar i personleg åtte føretak har berre auka marginalt det siste året. Tre av fire enkeltpersonføretak har framleis mannleg innehavar.

Eigarskap og roller i næringslivet

Statistisk sentralbyrå (SSB) arbeider med utvikling av ny statistikk på området eigarskap og roller i næringslivet i samarbeid med fleire departement mellom anna Næringsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Barne- og familiedepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet. Kjeldegrunnlaget for statistikksystemet er Einingsregisteret i Brønnøysundregistra med rolleinformasjon om fysiske personar, Bedrifts- og føretaksregisteret i SSB samt data frå personstatistikksystemet til SSB. Personleg åtte føretak omfattar organisasjonsformene enkeltpersonføretak, selskap med delt ansvar og ansvarleg selskap. Berre føretaka med fysiske rolleinnehavarar er med i denne statistikken. Publiseringa denne gongen retter seg mot bestanden av personleg åtte føretak fordelt på kjønn. Datagrunnlaget for bestandstala per 1. januar 2004 er oppdaterte i høve til førre publisering og er endelege. Definisjonar og avgrensing av statistikken: Sjå Om statistikken. Annan statistikk om føretak og føretaksdemografi frå Bedrifts- og føretaksregisteret er på denne adressa: http://www.ssb.no/emner/10/01/ .

Størst prosentdel kvinnelege rolleinnehavarar finn ein i organisasjonsforma ansvarleg selskap med 26,5 prosent. Flest kvinner finn ein likevel i enkeltpersonføretak, som er den vanlegaste organisasjonsforma innanfor personleg åtte føretak.

Størst del kvinner i føretak med mange tilsette

Kvart fjerde enkeltpersonføretak har kvinneleg innehavar. Delen kvinner aukar med storleiken på føretaket. Av enkeltpersonføretaka med meir enn 50 tilsette, har heile 36 prosent av føretaka ein kvinneleg innehavar.

Tradisjonelle val av næringar

Både kvinner og menn vel tradisjonelle næringar. Størst del kvinnelege innehavarar finn ein innanfor næringane helse og omsorg (50,5 prosent), og andre sosiale og personlege tenester (52 prosent). Menn er fullstendig dominerande som innehavarar i enkeltpersonføretak innanfor næringane byggje- og anleggsverksemd (98,8 prosent), kraft- og vassforsyning (97,5 prosent), finansiell tenesteyting og forsikring (92,6 prosent) og transport og kommunikasjon (91,3 prosent).

Kvinnelege innehavarar er yngre og har meir utdanning

Medan nærare fire av ti kvinnelege innehavarar har høgare utdanning, gjeld dette tre av ti mannlege innehavarar. Kvinnelege innehavarar er også noko yngre enn dei mannlege. Seks av ti kvinnelege innehavarar er under 44 år, mot fem av ti mannlege.

Meir i statistikkbanken

I statistikkbanken finn ein fleire tal på føretak og rolleinnehavarar etter næring, organisasjonsform, fylke, storleiksgrupper, kjønn, alder og utdanning.

Tabeller: