Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Mange aksjeselskap med få aksjonærar
Tre firedelar av aksjeselskapa i Noreg hadde berre ein eller to aksjeeigarar per 1. januar 2007. Desse aksjonærane utgjorde berre 13 prosent av alle aksjonærar.
Få eigarar i aksjeselskapa
Om lag halvparten av aksjeselskapa hadde berre ein eigar, medan 23 prosent hadde to eigarar. Under tre prosent av aksjeselskapa hadde fleire enn ti aksjonærar. 57 prosent av eineeigarane var personar. Av aksjonærane i føretak med to aksjonærar var 67 prosent personar.
57 prosent av aksjeselskapa hadde berre personar på eigarsida. Drygt ein firedel av selskapa hadde berre føretak som eigarar, og om lag ein tiandedel av selskapa vart ått av både personar og føretak.
Styrerepresentantar og dagleg leiar oftast blant medeigarane
I 67 prosent av aksjeselskapa var styrerepresentantar eller dagleg leiar representert på eigarsida. Denne eigargruppa åtte til saman 40 prosent av føretaka dei hadde eigardelar i. Ikkje-finansielle føretak var aksjonær i 38 prosent av selskapa, men hadde derimot heile 80 prosent av aksjekapitalen her.
Mange småaksjonærar
Dei fleste aksjeeigarane var småaksjonærar. To av tre aksjonærar åtte aksjar i føretak med 100 eller fleire aksjonærar. Desse føretaka utgjorde berre ein halv prosent av alle aksjeselskapa. Mindre enn 13 prosent av aksjonærane åtte 50 prosent eller meir av selskapet.
Dei færraste åtte aksjar i fleire føretak. 63 prosent av aksjonærane i aksjeselskap som var personar åtte aksjar i berre eitt føretak. Nær ein firedel av dei personlege aksjonærane hadde aksjemajoritet i eit eller fleire føretak. Blant føretak som er aksjonærar er delen som åtte fleir enn eitt føretak, noko høgare. Av aksjonærane som var føretak, åtte 55 prosent av desse aksjar i berre eitt aksjeselskap. 45 prosent av aksjonærane som var føretak, hadde ikkje aksjemajoritet i nokre føretak.
Tabeller:
- Tabell 1 Aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA) etter ulike typer av eigarar sin eigardel innafor utvalde eigarformer. 1. januar 2007
- Tabell 2 Talet på føretak og aksjonærar etter type aksjonær i føretaket. 1. januar 2007
- Tabell 3 Talet på føretak og aksjonærar, etter eigardel og talet på aksjonærar i føretaket. 1. januar 2007
- Tabell 4 Talet på føretak og aksjonærar, etter eigardel og talet på aksjonærar i føretaket. 1. januar 2007. Prosent
- Tabell 5 Talet på føretak der aksjonær har ei rolle i føretaket, type rolle og talet på aksjonærar i føretaket. 1. januar 2007
- Tabell 6 Talet på aksjonærar, etter talet på føretak dei har aksjar i. 1. januar 2007
- Tabell 7 Talet på aksjonærar, etter talet på føretak dei har aksjemajoritet i. 1. januar 2007
- Tabell 8 Talet på føretak og aksjonærar, etter type aksjonær og talet på aksjonærar i føretaket. 1. januar 2007
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42