Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Tre av fire eigarar er menn
Neste tre av fire eigarar av aksjeselskap og personleg eigde føretak var menn per 1. januar 2009. Ein av ti eigarar av dei personlig eigde føretaka var innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre.
Delen kvinnelege eigarar av personleg eigde føretak har sidan 2004 hatt ein liten auke på 2,3 prosentpoeng til 2009. Høgst del kvinnelege eigarar fanst blant selskap med organisasjonsforma ansvarleg selskap (ANS), med 28 prosent.
Flest mannlege aksjonærar
Nesten tre av fire aksjonærar i aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA) var menn per 1. januar 2009. Denne delen har haldt seg stabil dei siste åra, og det er ingen forskjell i kjønnsfordelinga blant aksjonærane i desse to organisasjonsformene.
Dei største personlege eigarane var òg menn, då dei utgjorde over 84 prosent av storaksjonærane, det vil seie aksjonærar med 75 prosent eller høgare eigardel i føretaka.
Menn dominerer byggje- og anleggsverksemd
Kvinner var representert på eigarsida i 45 prosent av alle ANS og selskap med delt ansvar (DA). 13 prosent av desse føretaka hadde berre kvinnelege eigarar, medan kvinner eigde nær 27 prosent av enkeltpersonføretaka. Menn dominerer innanfor byggje- og anleggsverksemd, der 86 prosent av ANS og DA og over 98 prosent av enkeltpersonføretaka hadde berre menn på eigarsida.
Ein av ti eigarar innvandrarar
Snautt 11 prosent av alle eigarar i personleg eigde føretak var innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, ein auke frå snautt 8 prosent sidan 2004.
12 prosent av enkeltpersonføretaka vart eigde av innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, medan drygt 5 prosent av ANS og DA vart eigde av personar med ein annan landbakgrunn enn Noreg.
Den største innvandrarnæringa var overnattings- og serveringsverksemd, der 39 prosent av enkeltpersonføretaka vart eigde av personar med ein annan landbakgrunn enn Noreg.
Eigarstrukturen i aksjeselskap og allmennaksjeselskap
Over halvparten av føretaka hadde berre ein aksjonær per 1. januar 2009. Desse eineaksjonærane utgjorde likevel ikkje meir enn drygt 7 prosent av alle aksjonærar. Berre 0,4 prosent av føretaka hadde hundre eller fleire aksjonærar. Desse aksjonærane utgjorde heile 68 prosent av alle eigarane på dette tidspunktet.
Snautt 24 prosent av dei personlege aksjonærane hadde aksjemajoritet i eitt eller fleire føretak. Av aksjonærane som var føretak, hadde i overkant av 55 prosent aksjemajoritet i minst eitt føretak.
Dagleg leiar og styrerepresentantar ofte representert på eigarsida
I 65 prosent av alle aksjeselskap og allmennaksjeselskap hadde aksjonærane roller i form av anten dagleg leiar, styreleiar, styremedlem eller nestleiar. Størst del av føretaka der aksjonærar hadde roller, finn vi blant føretak med tre eller fire aksjonærar. I drygt 80 prosent av desse føretaka var dagleg leiar og styrerepresentantar blant eigarane.
Del ein av denne statistikken omhandlar personlege eigarar av personleg eigde føretak og personlege aksjonærar i aksjeselskap/allmennaksjeselskap ved inngangen til året 2009. Per 1. januar 2009 var det 169 665 personleg eigde føretak i Noreg. Personleg eigde føretak består av følgjande organisasjonsformer: enkeltpersonføretak (ENK), ansvarleg selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA). I desse føretaka var det registrert totalt 187 643 eigarar, 50 190 kvinner og 137 453 menn. Statistikken omfattar private aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA) i statistikk om føretaksdemografi per 1. januar 2009 som òg finst i aksjestatistikken for 2008. Vidare er statistikken avgrensa til å omfatta dei 1 003 724 aksjonærane som er identifiserte med fødselsnummer eller D-nummer, og som eigde aksjar per 31. desember 2008. Tala er baserte på alle eigarar og ikkje unike eigarar. Primærnæringane er haldne utanfor i denne delen av statistikken. Del to av statistikken har hovudfokus på eigarstrukturen i aksjeselskap og allmennaksjeselskap per 1. januar 2009, og omfattar 200 824 føretak. Aksjonærar i desse føretaka er både føretak og personlege aksjonærar. Data tar her utgangspunkt i statistikk over styre og leiing, medan aksjonærdata også her er henta frå aksjestatistikken for 2008. Primærnæringane er inkluderte i denne delen av statistikken. Offentleg forvalting er halden utanfor statistikken. |
Tabeller:
- Tabell 1 Eigarar i personleg eigde føretak, etter organisasjonsform, kjønn, alder og landbakgrunn. 1. januar 2009
- Tabell 2 Eigarar i personleg eigde føretak, etter organisasjonsform, kjønn, alder og landbakgrunn. 1. januar 2009
- Tabell 3 Tal føretak, etter talet på tilsette og næring, etter eigars kjønn. 1. januar 2009
- Tabell 4 Talet på føretak, etter talet på tilsette og næring, etter eigars landbakgrunn 1. januar 2009
- Tabell 5 Aksjonærar i aksjeselskap og allmennaksjeselskap, etter kjønn og eigardel. 31. desember 2008
- Tabell 6 Talet på føretak og aksjonærar, etter type aksjonær i føretaket. 1. januar 2009
- Tabell 7 Talet på føretak og aksjonærar, etter eigardel og talet på aksjonærar i føretaket. Prosent. 1. januar 2009
- Tabell 8 Talet på føretak der aksjonær har ei rolle i føretaket, type rolle og talet på aksjonærar i føretaket. 1. januar 2009
- Tabell 9 Talet på aksjonærar, etter talet på føretak dei har aksjar i. 1. januar 2009
- Tabell 10 Talet på aksjonærar, etter talet på føretak dei har aksjemajoritet i. 1. januar 2009
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42