Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Mange småaksjonærar i føretaka
Sju av ti aksjonærar per 1. januar 2011 åtte aksjar i føretak med 100 eller fleire aksjonærar. Berre 7 prosent av aksjonærane var eineaksjonær i føretaket.
55 prosent av aksjeselskapa og allmennaksjeselskapa hadde berre personlege aksjonærar, medan 30 prosent hadde berre føretak på eigarsida per 1. januar 2011. Eitt av ti føretak hadde både personar og føretak som aksjonærar.
Mange føretak med få aksjonærar
77 prosent av føretaka hadde ein eller to aksjonærar. Berre 759 av dei over 206 000 føretaka hadde over 100 aksjonærar. Like fullt utgjorde aksjonærane i denne gruppa 69 prosent, nærare 1,1 million, av alle aksjonærane.
23 prosent av dei personlege aksjonærane hadde aksjemajoritet i eitt eller fleire føretak. 55 prosent av aksjonærane som var føretak, hadde aksjemajoritet i minst eitt føretak.
Dagleg leiar og styrerepresentantar ofte representert blant eigarane
I 64 prosent av alle AS og ASA hadde personlege aksjonærar roller i form av anten dagleg leiar, styreleiar, nestleiar eller styremedlem. 54 prosent av eineaksjonærane hadde minst ei rolle i sitt eiga føretak.
Statistikken omhandlar eigarstrukturen i aksjeselskap og allmennaksjeselskap per 1. januar 2011, og omfattar 206 130 føretak. Aksjonærar i desse føretaka er både føretak og personlege aksjonærar. Data om rolleinnehavarar i føretaka tar utgangspunkt i statistikk over styre og leiing, medan aksjonærdata er henta frå aksjestatistikken for 2010. Primærnæringane er inkludert, medan offentleg forvalting er haldne utanfor statistikken. |
Tabeller:
- Tabell 1 Talet på føretak og aksjonærar, etter type aksjonær i føretaket. 1. januar 2011
- Tabell 2 Talet på føretak og aksjonærar, etter eigardel og talet på aksjonærar i føretaket. 1. januar 2011. Prosent
- Tabell 3 Talet på føretak der aksjonær har ei rolle i føretaket, etter type rolle og talet på aksjonærar i føretaket. 1. januar 2011
- Tabell 4 Talet på aksjonærar, etter talet på føretak dei har aksjar i. 1. januar 2011
- Tabell 5 Talet på aksjonærar, etter talet på føretak dei har aksjemajoritet i. 1. januar 2011
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42