Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Flest aksjonærar var menn
Drygt 73 prosent av aksjonærane og 71 prosent av eigarane av personleg eigde føretak var menn per 1. januar 2012. Halvparten av dei kvinnelege personlege eigarane hadde utdanning frå universitet eller høgskule.
2012 | 2011 - 2012 | 2010 - 2012 | ||
---|---|---|---|---|
Antall eiere | Andel | Andel | Andel | |
Personlig eide foretak | ||||
Begge kjønn | 201 593 | 100,0 | 7,4 | 8,2 |
Menn | 143 481 | 71,2 | 5,7 | 5,9 |
Kvinner | 58 112 | 28,8 | 11,6 | 14,5 |
Aksjeselskap (AS og ASA) | ||||
Begge kjønn | 1 114 732 | 100,0 | -1,4 | 5,6 |
Menn | 819 029 | 73,5 | -1,2 | 5,2 |
Kvinner | 295 703 | 26,5 | -1,8 | 6,8 |
Menn eig mest
Drygt 73 prosent av aksjonærane i aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA) totalt var menn. Det var òg heile åtte av ti aksjonærar med over 50 prosent av aksjekapitalen i føretaket. Menn utgjorde dermed dei fleste og største aksjonærane.
Fleire kvinner og innvandrarar blant personlege eigarar
29 prosent av dei 200 000 innehavarane av personleg eigde føretak var kvinner. Delen kvinnelege eigarar auka frå 24 til nesten 29 prosent frå 2004 til 2012. Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre eigde nesten 15 prosent av enkeltpersonføretaka. Til samanlikning var denne delen under 12 prosent fire år tidligare.
Kvinnelege eigarar hadde mest utdanning
Nesten halvparten av dei kvinnelege eigarane hadde utdanning på universitets- eller høgskulenivå. Det er ein stor auke i høve til i 2004 då ein av tre kvinnelege eigarar hadde høgare utdanning. Ein av tre mannlege eigarar hadde høgare utdanning i 2012. Blant aksjonærane i aksjeselskapa er delen med høg utdanning meir jamt fordelt. Om lag fire av ti aksjonærar hadde høgare utdanning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42