Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire kvinner eigde føretak
Ved inngangen til 2013 var over 29 prosent av eigarane av personleg eigde føretak kvinner. Frå 2004 til 2013 auka talet på kvinnelege eigarar frå om lag 40 500 til nærare 59 000. Rundt 27 prosent av aksjonærane i aksjeselskap og allmennaksjeselskap var kvinner.
2013 | 2012 - 2013 | 2011 - 2013 | ||
---|---|---|---|---|
Tal eigarar | Del | Del | Del | |
Personleg eigde føretak | ||||
Begge kjønn | 199 846 | 100,0 | -0,9 | 6,4 |
Menn | 141 091 | 70,6 | -1,7 | 4,0 |
Kvinner | 58 755 | 29,4 | 1,1 | 12,9 |
Aksjeselskap (AS og ASA) | ||||
Begge kjønn | 1 073 705 | 100,0 | -3,7 | -5,0 |
Menn | 784 395 | 73,1 | -4,2 | -5,4 |
Kvinner | 289 310 | 26,9 | -2,2 | -3,9 |
Dei kvinnelege eigarane var generelt yngre enn dei mannlege. Nærare halvparten, 47 prosent, av kvinnene var mellom 25 og 44 år. 47 prosent av dei mannlege eigarane var mellom 45 og 66 år. Blant aksjonærane var 46 prosent av kvinnene og drygt 49 prosent av mennene mellom 45 og 66 år.
Ser vi på personlege eigarar, var det ein større del menn over 67 år enn kvinner på same alder. Det motsette galdt for aksjonærane, her var det ein større del kvinner enn menn i denne aldersgruppa. Aldersstrukturen var derfor noko ulik for dei to kjønna.
Menn dominerte dei fleste næringane
Enkeltpersonføretak eigde av menn dominerte dei fleste næringane. Innafor forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd så vel som byggje- og anleggsverksemd var over 98 prosent av føretaka eigde av menn. Berre innafor helse- og sosialtenester samt personleg tenesteyting eigde kvinner fleire føretak enn menn gjorde.
Større del innvandrareigarar
Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant eigarar av personleg eigde føretak auka frå 8 til 15 prosent frå 2004 til 2013. Den største gruppa var personar frå EU/EØS, USA, Canada, Australia og New Zealand. 7 av 100 eigarar hadde bakgrunn frå desse landa.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42