5452_om_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/eigarskap/aar
5452_om
statistikk
2014-09-12T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
true
Statistikken viser eierstruktur i næringslivet. Per 1. januar 2013 hadde 6 av 10 aksjeselskap kun en aksjonær.

Eigarskap og roller i næringslivet (opphørt)1. januar 2013

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Eigarskap og roller i næringslivet (opphørt)
Emne: Virksomheter, foretak og regnskap

Ansvarleg seksjon

Seksjon for regnskapsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Føretak
I Standard for næringsgruppering (SN2007) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ei viss grad har sjølvstendig avgjerdsmakt. I statistikken behandlast ei juridisk eining som eit føretak.

Bedrift
I SN2007 er bedrift definert som ei lokalt avgrensa funksjonell eining som hovudsakeleg driv med aktivitetar innanfor ei bestemt næringsgruppe.

Bestandstal
Bestandstala per 1. januar i statistikkåret inkluderar alle føretak med aktiv verksemd i inneverande år som er registrert per 1. januar.

Organisasjonsform
Selskapsform i ER. Her skil ein bl.a. mellom enkeltpersonføretak (ENK), allmennaksjeselskap (ASA) og ansvarleg selskap (ANS).

Personleg eigde føretak
omfattar organisasjonsformene ENK, ANS og DA.

Ansvarlig selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA)
må ha minst to eigarar, desse vert kalla høvesvis deltakar med solidarisk ansvar og deltakar med proratorisk ansvar. Deltakarane har personleg og økonomisk ansvar. I et ANS kan kvar deltakar krevjast for hele selskapets gjeld, men i eit DA vert kvar deltakar hefta for ein bestemt del av selskapets gjeld. Totalt er deltakarane ansvarlege for hele gjelda. Både fysiske og juridiske personar kan være deltakarar. Det er valfritt om ein skal ha styre og / eller daglig leiar eller ikkje. I tabellane er ANS og DA med berre juridiske personar (føretak) som deltakarar heldt utanfor. Det er rolleinformasjon om ikkje fråtredde roller som er inkludert i statistikken.

Enkeltpersonføretak (ENK)
må ha ein, og berre ein, innehavar. Innehavar er fullt personleg ansvarleg for hele verksemda, og må være ein fysisk person. Det er høve til å tilsette ein dagleg leiar som er ein annan enn innehavaren.

Allmennaksjeselskap (ASA) og aksjeselskap (AS)
I AS og ASA har ingen av aksjonærane personleg ansvar for selskapets skyldnad. Aksjonærane sitt ansvar for selskapets gjeld er avgrensa til aksjekapitalen. AS kan, til forskjell frå ASA ikkje ta opp aksjekapital frå allmennheita.

Alle allmennaksjeselskap (ASA) og aksjeselskap (AS) må ha eit styre. Styret skal som hovudregel minst bestå av tre medlemmer. I AS som har mindre enn tre millionar i aksjekapital kan styret bestå av eit eller to medlemmar pluss minst eit varamedlem. Alle ASA og AS med aksjekapital større enn tre millionar skal dessutan ha dagleg leiar.

Rolletype
De viktigaste rolletypane i denne statistikken er innehavar i ENK, deltakarar i ANS og DA,

Alder
er alder ved inngangen av statistikkåret.

Innvandrar i Noreg
omfattar personar som er fødde i utlandet av to utanlandsfødde foreldre som på et tidspunkt har innvandra til Noreg. I tillegg inngår også norskfødde med innvandrarforeldre i statistikken.

Landbakgrunn
er for innvandrare eiget fødeland. Personar utan innvandringsbakgrunn har berre Noreg som landbakgrunn. For norskfødde er dette foreldres eventuelle utanlandske fødeland.

Tilsette (Lønstakarar)
Talet på tilsette omfattar alle personar som arbeidar for arbeidsgjevaren meir enn fire timar i veka. Personar med meir enn eit arbeidsforhold vil kunne vere telt med som tilsett i fleire næringar. I bestandstala visast det til talet på tilsette på telletidspunktet.

Standard klassifikasjonar

Standard for næringsgruppering (SN2007)
Gjeldande Standard for næringsgruppering (SN2007) i Statistisk sentralbyrå, som byggjer på EUs standard NACE Rev.1.

Norsk standard for utdanningsgruppering (NUS)
Utdanningane er gruppert etter Norsk standard for utdanningsgruppering (NUS) som første gang vart oppretta av SSB i 1970.

Standard for gruppering av personar med innvandringsbakgrunn
viser til ulike avgrensingar av personar med og utan innvandringsbakgrunn.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Statistikk om eigarskap publiserast på nasjonalt nivå, fylker og kommunar i statistikkbanken. Statistikk om eigarstruktur publiserast berre på nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Statikken består av to publiseringar. Ein der fokus er på dei personlege eigarane og aksjonærane (Eigarskap og roller i næringslivet). Den andre publiseringa omhandlar eigarstrukturen i akjseselskapa (Eigarskap i AS og ASA) .

Frekvens: Årleg

Aktualitet: Første publisering av statistikk om eigarskap var i 2004 og inneheldt tal per 1. januar 2004. Statistikken gir tal per 1. januar i statistikkåret.

Statistikk om eigarstruktur vart publisert første gong i 2007 for årgangen 2006.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata, informasjon om utvalseiningar og populasjon vert lagra midlartidig i programspråket SAS og langtidslagrast som tekstfiler.

Bakgrunn

Føremål og historie

Sidan einingane og strukturen i BoF inngår i dei fleste store og landsdekkande administrative datasystem som mellom anna NAV Aa-registeret, er det etablert ein eintydig samanheng mellom den enkelte tilsette og bedrifta/føretaket vedkomande arbeidar i. Vidare gir tilsettes fødselsnummer tilgang til relevante personopplysningar innanfor personstatistikksystemet, mellom anna befolknings- og utdanningsområdet. Rollene i Einingsregisteret, og aksjonærar i Skattedirektoratet sitt Aksjonærregister, gir tilsvarande knytingar til føretaksområdet gjennom organisasjonsnummer og personstatistikkens områder gjennom fødselsnummer.

Føremålet er å publisere statistikk som set lys på nye sider ved næringslivet. Med utgangspunkt i føretaksstatistikken ser vi på kjenneteikn ve eigarar/aksjonærar.

Med etableringa av Aksjonærregisteret i 2004 fikk vi høve til å sjå på strukturen på eigarsida i aksjeselskapa.

 

Brukarar og bruksområde

Brukarar av statistikken er offentleg forvalting, forskingsmiljø, media, næringslivet og departementa.

Samanheng med annan statistikk

Nivåtala som vert presentert vil avvike frå talet på juridiske einingar i ER, og kan på næringsnivå avvike frå det som vert presentert i strukturstatistikkane. Avviket i forhold til ER skyldast i hovudsak at ER omfattar alle juridiske einingar, også dei som ikkje driver næringsverksemd, og at BoF gjennomfører mange kontrollar for å finne ut om eit føretak verkeleg er aktivt.

Ein vil også sjå at tala kan avvike frå den andre føretaksstatistikken til SSB. Årsaka til dette er at ein i statistikken som ser på eigarskap og roller ikkje tek med føretaka som berre har juridiske personar som eigarar eller som manglar rolleopplysningar.

Lovheimel

Ikkje relevant

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikk om eigarskap:

Statistikken omhandlar eigarar av personleg eigde føretak og personlege aksjonærar i aksjeselskap og allmennaksjeselskap per 1. januar 2011.

Føretaksstatistikken omfattar alle næringar etter Standard for næringsgruppering (SN2007) (sjå punkt 4.2) unntatt offentleg forvalting og forsvar, og trygdeordningar underordna offentleg forvalting (næring 84). Primærnæringane (næring 01, 02 og 03) er også heldt utanfor.

Statistikken er avgrensa i forhold til stats- og trygdeforvaltninga, fylkeskommunar og kommunar. Føretak innanfor denne delen av offentleg forvalting vil ikkje inngå i statistikken sjølv om dei formelt sett skulle drive verksemd som fell inn under næringane som er omfatta av statistikken. For næringar som kjenneteiknas av ei blanding av offentleg og privat tenesteyting, kan bestandstala synast mangelfulle då offentleg tenesteyting er heldt utanfor statistikken. Dette vil særleg gjelde Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn, Uttak frå kjelde, reinsing og distribusjon av vatn, undervisning og helse- og sosiale tenester.

Noregs Bank, statlege låneinstitutt, føretak innanfor statens forretningsdrift, statleg eigde føretak, statsføretak, kommunal forretningsdrift og sjølvstendige kommuneføretak er med i statistikken dersom de driv verksemd innan dei næringane som er dekka av statistikken. Det same gjeld i teorien føretak innanfor alle andre sektorar.

Bestandstala per 1. januar i statistikkåret omfattar alle føretak innan organisasjonsformene enkeltpersonføretak (ENK), ansvarleg selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA) samt aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA) med aktiv verksemd i Noreg. I tabellane er ANS, DA, AS og ASA med berre juridiske personar (føretak) som eigarar og aksjonærar heldt utanfor oppteljingane, sidan formålet er å sjå på bakgrunnsvariable som kjønn og innvandringskategori for rolleinnehavarane. Det er rolleinformasjon om ikkje fråtredde roller som er inkludert i statistikken.

Data om aksjonærane blir henta frå aksjestatistikken, ein statistikk basert på aksjonærregisteret i Skattedirektoratet. Statistikken er avgrensa til å omfatta dei aksjonærane som er identifiserte med fødselsnummer eller D-nummer, og som hadde aksjar per 31. desember i statistikkåret.

Statistikk om eigarstruktur:

Statistikken omhandlar eigarstrukturen i aksjeselskap og allmennaksjeselskap per 1. januar. Aksjonærar i desse føretaka er både føretak og personlege aksjonærar. Data om rolleinnehavarar i føretaka tar utgangspunkt i statistikk over styre og leiing, medan aksjonærdata er henta frå aksjestatistikken. Primærnæringane er inkludert, medan offentleg forvalting er haldne utanfor statistikken.

Datakjelder og utval

Statistikken byggjer på Bedrifts- og føretaksregisteret (BoF), Rolleopplysningane i Einingsregisteret (ER), befolkningsstatistikksystemet (BeReg), og Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB). Tal på tilsette er henta frå Seksjon for arbeidsmarknad, og er basert på tal frå NAV Aa-registeret. I tillegg nyttar vi aksjonærdata frå SSB sin aksjestatistikk som byggjer på Skattedirektoratet sitt Aksjonærregister.

Bedrifts- og føretaksregisteret (BoF)
Det vert nytta data frå strukturstatistikkane og frå andre administrative register som meirverdiavgiftsdata, rekneskapsdata og sjølvmeldingsdata for sjølvstendige næringsdrivande for å avgrense omfanget i forhold til reelt sett opphøyrde føretak i høve til opplysningane vi får om føretak frå Brønnøysund-registera. Alle opplysningar om aktive føretak i denne statistikken vert henta frå Statistisk sentralbyrå sitt bedrifts- og føretaksregister.

Rolleopplysningane i Einingsregisteret (ER) gir ei oversikt over alle fysiske og juridiske personar som har roller i norsk næringsliv. De fysiske personane er registrert med fødselsnummer eller D-nummer, medan de juridiske personane er føretak som er registrert ved organisasjonsnummer. Ingen kan registrere eit føretak i ER utan også å registrere rolleinnehavarar. Det ver stilt ulike krav til rolleinnehavarar innanfor dei ulike organisasjonsformene. (Sjå 4.1).

Informasjon om den fysiske rolleinnehavaren i ER vert oppdatert løpande, og informasjon vert vaska mot data frå Det sentrale folkeregister kvart døgn.

BeReg byggjer på folkeregisteropplysningar. Sidan 1946 har det i den enkelte kommune vore eit lokalt folkeregister som skal registrere alle som er busett i kommunen i samsvar med lov om folkeregistrering og føreskrifter til lova. Folkeregisteret får melding om fødslar, dødsfall, giftarmål, skilsmisser, flyttingar, osv. frå ulike kjelder.

Befolkningas høgaste utdanning (BHU) og Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB)
Registeret over befolkningas høgaste utdanning vert no trekt direkte ut frå Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB). NUDB samlar all utdanningsstatistikk over avslutta og oppstarta utdanning frå skuleåret 1974/75 og BHU opplysningar frå 1970 inn i ei felles database. Grunnlaget for uttrekket er busette i Noreg som er 16 år eller eldre per 1.10. det gjeldande år. Den utdanningsaktiviteten som har høgast nivå i Standard for utdanningsgruppering (NUS2000) som er registrert i NUDB gir status for BHU for den enkelte person.

Aksjonærregisteret

Frå og med inntektsåret 2004 hentar Statistisk sentralbyrå årleg inn eit uttrekk frå Aksjonærregisteret i Skattedirektoratet. Registeret inneheld informasjon om talet på aksjar, aksjekapital, overkurs og utdelt utbytte m.m. for alle norske aksjeselskap. Registeret inneheld også informasjon om aksjonærane med aksjepostar og motteke utbytte.

 

Det vert ikkje nytta utval i denne statistikken.

Datainnsamling, editering og beregninger

Statistikken byggjer på administrative data, og allereie føreliggjande statistikkbasar og statistikkregister.

BoF er per i dag et heildekkande og kvalitetssikra register med omsyn til omfang og grunndata.

Populasjonen av aktive føretak vert kvalitetssikra mellom anna gjennom direkte kontakt med einingar i høve til datafangsten til strukturstatistikkane og gjennom kopling mot administrative register i Overvakingssystemet for bedrifter i BoF (Sjå 3.2).

Det føregår ei løpande kvalitetssikring av næringskoda til bedrifter og føretak i BoF. Kvalitetssikringa føregår mellom anna gjennom kontakt med føretaka i SSB sine strukturundersøkingar, gjennom andre administrative kjelder som NAV sin årskontroll, og gjennom direkte kontakt med føretaka på annan måte. Vidare ved hjelp av meldingar om føremålsendringar til ER.

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken vert publisert årleg slik at resultatet kan samanliknast frå år til år.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Ikkje relevant

Ikkje relevant

Ikkje relevant

Føretaksdata
Statistikken baserar seg på statistiske og administrative kjelder. Fleire administrative register er sentrale i arbeidet med oppdateringa av BoF og vert nytta både til å definere populasjonen og til å hente inn kjennemerke og opplysningar. ER i Brønnøysund, Momsregisteret og NAV sitt Aa-register vert nytta til å hente inn opplysningar om einingane. Dette gir grunnlag for registerfeil som kan påverke uvissa i statistikken.

Ein mogleg feilkjelde er forelda opplysningar som følgje av etterslep i registreringane. Slike etterslep skyldast det faktum at endringar ofte vert registrert noko tid etter at dei har hendt. Konsekvensen er at registrera ikkje er fullstendig oppdatert til ei kvar tid, noko som kan føre til at forelda opplysningar vert nytta som datagrunnlag i statistikken.

Opphør av verksemder vert normalt registrert i etterkant, ut frå tilbakemeldingar i samband med datafangsten til strukturstatistikkane eller ved kopling mot administrative register. Dette kan bety at bestandstala er noko høge ved første publisering. Også nyregistreringar skjer i nokon tilfelle i etterkant.

Befolkningsdata
Kvaliteten på datagrunnlaget frå Det sentrale folkeregister er generelt svært god for statistiske føremål. Eit relevant ankepunkt er likevel forsinka meldingar. Forsinka meldingar kan føre til at hendingar vert registrerte og telt med i feil kalenderår. Dette vert mindre problematisk nå ein legg saman tal for fleire år.

Det sentrale folkeregisteret består av personar som har norsk personnummer, og personar med D-nummer. Enkelte av personane med D-nummer er personar som bur i utlandet, men som jobbar i Noreg. Desse vil ikkje få anna enn et D-nummer, mens personar som flyttar til Noreg etter kvart vil få norsk personnummer. Det kan derfor være vanskeleg å skilje mellom innvandrarar som har flytta til Noreg og personar som bur i utlandet. Eit anna problem kan vere personar som får endra personnummer som følgje av nye opplysningar om fødselsdato, etc.

Utdanningsdata
Det kan være feil knytta til utdanningsfilene som dannar grunnlaget for statistikken om befolkningen sitt utdanningsnivå. Det kan også være mangelfulle opplysningar knytta til utdanning teke i utlandet.