Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Styre og leiing i aksjeselskap
Emne: Virksomheter, foretak og regnskap
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for næringslivets utvikling
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Føretak
Eit føretak er definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ei viss grad har sjølvstendig avgjerdsmakt. I statistikken blir juridisk eining behandlet som eit føretak.Organisasjonsform
Selskapsform i ER. Her skil ein bl.a. mellom aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA).Allmennaksjeselskap (ASA) og aksjeselskap (AS)
I AS og ASA har ingen av eigarane personleg ansvar for selskapets skyldnad. Eigarane sitt ansvar for selskapets gjeld er avgrensa til aksjekapitalen. AS kan, til forskjell frå ASA, ikkje ta opp aksjekapital frå allmennheita.Aksjeselskapa (AS) skal ha eit styre som består av ett eller fleire medlemmer. Selskapet kan ha dagleg leiar (Lov om aksjeselskaper). Allmennaksjeselskapa (ASA) skal ha dagleg leiar og eit styre med minst tre medlemmer (Lov om allmennaksjeselskaper).
Rolletype
Rolletypane i denne statistikken er styreleiar, nestleiar og styremedlemmer (styrerepresentantar), samt dagleg leiar i AS og ASA.Tilsette
Det er plikt til å innrapportere i a-ordninga når utbetalt lønn og/eller utgiftsgodtgjering for ein person overstig 1 000 kr per år.
Landbakgrunn
er for innvandrarare eiget fødeland. Personar utan innvandringsbakgrunn har berre Noreg som landbakgrunn. For norskfødde er dette foreldres eventuelle utanlandske fødeland.