Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
25 300 tapte arbeidsdagar
25 300 arbeidsdagar gjekk tapt som følgje av sju arbeidskonfliktar i 2015. Til samanlikning var det seks konfliktar med tap av 10 800 arbeidsdagar ved førre mellemoppgjer i 2013.
2012 | 2013 | 2014 | 2015 | |
---|---|---|---|---|
Arbeidskonfliktar | 11 | 6 | 10 | 7 |
Arbeidstakarar i arbeidskonflikt | 41 820 | 1 385 | 8 983 | 831 |
Tapte arbeidsdagar | 360 643 | 10 849 | 148 009 | 25 329 |
Om statistikkenÅpne og lesLukk
I år med mellemoppgjer, slik som 2015, er det som regel færre arbeidskonfliktar enn i år med hovudoppgjer. Hovudoppgjer er det annakvart år, noko som for dei fleste tariffområda vil seie at det blir inngått toårige tariffavtalar. I år med mellomoppgjer skjer det ein revisjon av dei avtalane som er inngåtte i hovudoppgjeret. Dette forklarer ein del av variasjonane i tala frå eitt år til det neste. Samanlikning bør derfor gjeras på to-års basis.
Statistikken blir no publisert som Fagforeiningsmedlemmer og streikar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken omfattar arbeidskonfliktar og arbeidsstogg som varar i minst ein dag. Det årlege konflikttalet blir rekna ut frå talet på forbund som hadde arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42