290306
290306
Halv million sysselsette i kommunane
statistikk
2017-03-15T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)KOSTRA, Sysselsetting, Offentlig forvaltning , Offentlig sektor, Arbeid og lønn
true

Sysselsette i kommunal sektor2016, 4. kvartal

Innhald

Publisert:

Halv million sysselsette i kommunane

Talet på sysselsette i kommunane har passert ein halv million og utgjorde 507 000 personar i 4. kvartal 2016. Dette er knappe 2 prosent fleire enn på same tid i 2015.

Sysselsette og årsverk i kommunane og fylkeskommunane. Heile landet12
20152016Endring i absolutte tallEndring i prosent
2015 - 20162015 - 2016
1Oslo er inkludert i tala for fylkeskommunane berre for vidaregåande opplæring og tannhelseteneste.
2Frå og med 2015 byggjer statistikken på nye datakjelder (A-ordninga), sjå nærare omtale i «Om statistikken». Totaltalet på sysselsette blir ikkje lenger samordna med Arbeidskraftundersøkinga (AKU) slik det blei før 2015, og dermed samsvarer ikkje totaltalet lenger med AKU sitt totaltal. Årgangane frå og med 2015 kan følgjeleg ikkje samanliknast med tidlegare årgangar. Sjå nærare omtale i artikkelen knytt til 2015-tala: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/statistikker/regsys/aar/2016-05-27
Kommunar
Sysselsette497 656506 8799 2231,9
Avtalte årsverk371 236,1380 447,19 211,02,5
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere333 747,4342 638,28 890,82,7
 
Fylkeskommunar
Sysselsette49 01349 1341210,2
Avtalte årsverk42 723,942 900,1176,20,4
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere39 603,639 745,1141,50,4

Samla sett hadde dei sysselsette i kommunane avtale om 380 000 årsverk i 4. kvartal 2016, som er ein vekst på 2,5 prosent frå året før. Mesteparten av denne veksten var i grunnskulen og helse- og sosialtenestene som hadde ein auke i avtalte årsverk på høvesvis 2,3 og 3,3 prosent. Talet på avtalte årsverk i barnehagane og kommunale kulturtilbod har derimot hatt ein liten nedgang som utgjorde om lag 1 prosent i den same perioden. 

Svak auke i fylkeskommunane

Fylkeskommunane, med sine 49 000 sysselsette, hadde i 2016 ein liten auke både i talet på sysselsette og avtalte årsverk på høvesvis 0,2 og 0,4 prosent samanlikna med same tidsrom året før. Vidaregåande opplæring syner ein nedgang i avtalte årsverk på 0,7 prosent og omfatta 34 000 årsverk i 4. kvartal 2016, noko som utgjer omtrent 79,5 prosent av dei totale årsverka i fylkeskommunane. 

Meir faglærd personell i pleie og omsorg

71,9 prosent av dei 138 000 avtalte årsverka i pleie og omsorg vart utførte av personell med helse- og sosialfagleg utdanning i 4. kvartal 2016. Delen faglærd personell har dermed auka litt frå året før da han var 71,4 prosent.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB