Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Ledige stillingar i olje og gass meir enn halvert
For olje- og gassnæringa var det ein nedgang i talet på ledige stillingar på heile 65 prosent frå 1. kvartal 2014 til 1. kvartal 2015. Samla for alle næringane var nedgangen 4 prosent jamført med 1. kvartal 2014.
1. kvartal 2015 | Endring frå året før | |
---|---|---|
Ledige stillingar | 58 600 | -2 400 |
Prosent ledige stillingar | 2,2 | -0,1 |
I 1. kvartal 2015 var det 58 600 ledige stillingar, 2 400 færre enn året før. I næringa bergsverksdrift og utvinning, som er dominert av olje- og gassverksemd, gjekk talet på ledige stillingar ned med 1 100 frå 1. kvartal 2014 til det same kvartalet i 2015. Dette svarer til ein nedgang på heile 65 prosent, altså meir enn ein halvering. Denne næringa har hatt nedgang i talet på ledige stillingar samanhengande sidan utgangen av 2012, men ikkje i like stor grad som mellom 1. kvartal 2014 og 1. kvartal 2015.
Færre ledige stillingar innan helsetenester
Også i offentleg administrasjon og i helsetenester gjekk talet på ledige stillingar ned frå 1. kvartal 2014 til 1. kvartal 2015, høvesvis med 1 000 og 1 100. Dette svarte til ein nedgang på 25 prosent for offentleg administrasjon og 20 prosent for helsetenester. I næringa sosiale omsorgstenester utan butilbod gjekk derimot talet på ledige stillingar opp med 1 800, ein auke på 50 prosent.
I tråd med nedgangen i talet på ledige stillingar gjekk prosentdelen ledige stillingar ned frå 2,3 prosent i 1. kvartal 2014 til 2,2 i same kvartal 2015. Prosentdelen ledige stillingar er talet på ledige stillingar i prosent av talet på stillingar i alt, det vil seie summen av arbeidstakarforhold og ledige stillingar.
Auke i EU
EU hadde 1,7 prosent ledige stillingar i 4. kvartal 2014, opp 0,2 prosentpoeng frå same kvartal året før. I denne internasjonale gjennomgangen har vi nytta tal frå 4. kvartal 2014 sidan tal for 1. kvartal 2015 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Vidare er primærnæringane haldne utanfor.
Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EØS-området. I 4. kvartal 2014 var til dømes prosentdelen ledige stillingar 0,6 i Spania og 0,8 i Hellas. På same tidspunkt var prosentdelen 3,2 i Tyskland og 2,4 i Storbritannia. Noreg hadde til samanlikning ein prosentdel ledige stillingar på 2,0 i 4. kvartal 2014.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Rakel Gading
E-post: rakel.gading@ssb.no
tlf.: 40 81 14 75
-
Jan Sebastian Rothe
E-post: jan.rothe@ssb.no
tlf.: 91 31 99 06