Innhald
Publisert:
Stor auke i talet på undersøkingar
Barnevernet starta i alt vel 23 450 undersøkingar i 2006, ein auke på 10 prosent samanlikna med året før. Av dei vel 22 800 undersøkingane som blei avslutta i 2006, førte 50 prosent til at det blei sett i verk tiltak.
I høve til folketalet blei det påbyrja 21 undersøkingar per 1 000 barn i alderen 0-17 år i 2006, mot 20 året før. Det blei oftare sett i verk undersøkingar overfor gutar enn for jenter. For aldersgruppa 13-17 år, som ligg høgast, blei det påbyrja 26 undersøkingar per 1 000 barn i 2006.
Store skilnader mellom fylka
Vi finn framleis store skilnader mellom fylka, både når det gjeld kor mange undersøkingar som blei påbyrja, og kor stor del av dei som førte til tiltak frå barnevernet. Finnmark ligg aleine på topp med 36 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år. Nordland, Troms og Buskerud ligg òg høgt, førstnemnde med 27, og Troms og Buskerud med 26. På botnen av lista finn vi Sogn og Fjordane og Hordaland med 17 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år. Berre i to fylke er talet på undersøkingar gått ned siste år.
Tiltak i halvparten av sakene
Ser ein alle undersøkingane samla, førte halvparten, 50 prosent, til tiltak etter lov om barneverntjenester, mot 53 prosent i 2005. 48 prosent blei lagt bort utan tiltak. For vel 1 prosent av undersøkingane kjenner ein ikkje konklusjonen. I Sør-Trøndelag, Vest-Agder og Sogn og Fjordane, som ligg på topp, førte 59, 58 og 57 prosent til barnevernstiltak. Telemark, Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag ligg òg høgt når det gjeld igangsetjing av tiltak etter undersøking. I ni fylke blei under halvparten av undersøkingane avslutta med tiltak. Færrast var det i Hordaland, Hedmark og Vestfold, førstnemnde med 44 prosent og dei to andre med 46 prosent. Finnmark ligg altså på topp når det gjeld både talet på undersøkingar og tilsette i høve til barn 0-17 år (sjå http://www.ssb.no/emne/03/03/10/barneverng/tab-2007-09-05-02.html ), men under halvparten av undersøkingane førte til tiltak.
Foreldre melder frå i eitt av fem tilhøve
I kvar fjerde undersøking som blei påbyrja i 2006, var anten barnet sjølv, familien eller naboar gitt opp som den som tok opp saka. Mor / far var den klart største gruppa av desse. Dei stod bak 19 prosent av meldingane som førte til undersøking i 2006. Andre i familien og naboar stod bak respektive 4 og 3 prosent. Barnet sjølv tok kontakt med barnevernet i nær 2 prosent av sakene. Av dei offentlege instansane var det politi , barneverntenesta og skule som stod bak flest meldingar om barn som trong hjelp, alle med 11 prosent kvar. Barnevernvakt stod bak 7 prosent, medan helsestasjon og lege var kryssa av som meldingsinstans i 6 og 5 prosent av undersøkingane. Barnehage var berre registrert bak 3 prosent. I nær 13 prosent var den uspesifiserte kategorien Andre registrert.
Innhaldet i meldinga
I nær kvar fjerde sak (23 prosent) var omsorgssvikt / mishandling kryssa av som grunn for undersøkinga, og tilsvarande 18 prosent kom av åtferdsavvik hos barnet . I vel halvparten av undersøkingane (55 prosent) var tilhøva i heimen , særlege behov oppgitt som grunn. Tilhøva i heimen , særlege behov er ein kategori der ein ser at familien har behov for litt hjelp og støtte, utan at dette viser til ein meir alvorleg situasjon. For 19 prosent var kategorien Anna kryssa av.
Åtferdsproblem var som året før gitt opp som grunn i kvar sjette undersøking i 2006. Mor / far hadde sjølv meldt frå til barneverntenesta i 23 prosent av desse sakene, medan skule og politi var gitt opp som meldingsinstans i respektive 23 og 18 prosent av desse undersøkingane som gjaldt åtferdsproblem hos barnet.
Av undersøkingar der omsorgssvikt/mishandling var gitt opp som grunn, var det barneverntenesta sjølv som oftast var initiativtakar (14 prosent). Skule og politi stod bak 10 prosent kvar, medan barnevernvakt var meldingsinstans i 9 prosent av dei undersøkingane som gjaldt omsorgssvikt / mishandling . Her er den uspesifiserte kategorien Andre gitt opp i heile 18 prosent av undersøkingane.
Behandlingstid
Lov om barneverntjenester gir påbod om at barnevernet skal gjennomføra alle undersøkingane snarast, og innan tre månader. I særlege høve kan fristen vere seks månader.
Den gjennomsnittlege behandlingstida var i 2006 på 79 dagar, mot 80 og 77 dagar i 2005 og 2004. Av dei 22 808 undersøkingane som blei avslutta i 2006, blei nær sju av ti (68 prosent) avslutta innan fristen på tre månader. Ytterlegare 26 prosent av undersøkingane vart gjennomførte og avslutta innan seks månader, men for 6 prosent var den registrerte behandlingstida på over eit halvt år. For nokre få undersøkingar manglar vi opplysningar om behandlingstid.
Statistikken inneheld ikkje opplysningar om alle meldingar til barnevernet. Berre der barnevernet fann det naudsynt å setje i verk undersøking, veit vi kven som meldte frå om tilhøva som førte til at undersøkingssak blei starta. Det kan vera fleire enn ein meldingsinstans bak ei melding. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Barnevern.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42