13108_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/gvpi/kvartal
13108
Liten auke på godstransportprisane
statistikk
2009-03-20T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Transport og reiseliv
no
gvpi, Godstransport på vei, prisindeksLandtransport, Produsent- og engrosprisindekser, Transport og reiseliv, Priser og prisindekser
true

Godstransport på vei, prisindeks4. kvartal 2008

Innhold

Publisert:

Liten auke på godstransportprisane

Prisane for godstransport på veg voks med 1,0 prosent frå 3. kvartal 2008 til 4. kvartal det same året.

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2006=100. Totalindeks, oljeprodukt og andre væsker eller gassar i bulk

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2006=100. Totalindeks og stykkgods/containergods

Indeksen viser prisutviklinga totalt i næringa samt utviklinga for transport av seks ulike frakttypar. Totalindeksen voks med 1,0 prosent i 4. kvartal 2008. Delindeksen oljeprodukt auka mest med 2,3 prosent, tett følgt av delindeksen andre væsker eller gassar i bulk, som auka med 2,0 prosent. Delindeksane fryste eller kjølte varer samt tørrgods i bulk auka med høvesvis 1,4 og 1,0 prosent.

Størst prisauke på oljetransport det siste året

Prisendringa for totalindeksen frå same kvartal året før har vore på snautt 9 prosent, mens delindeksen oljeprodukt toppar med ein auke på nesten 15 prosent frå same kvartal året før. Endringa for dei andre delindeksane ligg på mellom 7 og 10 prosent.

Delindeksane viser prisutviklinga for transport av følgjande vareslag: Fryste eller kjølte varer, oljeprodukt, andre væsker eller gassar i bulk, stykkgods/containergods, tørrgods i bulk og anna transport.

For å setje saman delindeksane til totalindeksen vert omsetnaden i næringa fordelt på frakttypar nytta som vektgrunnlag. Av frakttypane er det stykkgods/containergods som står for den største delen av omsetnaden i næringa, med nesten 45 prosent. Andre væsker og/eller gassar i bulk er den minste frakttypen med 2,4 prosent av den totale omsetnaden.

Vekter. Omsetnad i næringa fordelt på frakttypar. Prosent

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2006=100. Totalindeks, fryste eller kjølte varer, tørrgods i bulk og anna transport

Viktig melding: Snart ny næringsklassifisering

Frå og med 1. kvartal 2009 blir det teke i bruk ein ny versjon av norsk Standard for næringsgruppering (SN2007) - ein nomenklatur for klassifisering av bedrifter og føretak i ulike næringar. Standarden samsvarar med EUs nye standard NACE Rev. 2. Dette gjer det sikrare å samanlikne på tvers av landegrensene.

Prisindeksen for godstransport veg blir frå 1. kvartal publisert saman med andre prisindeksar innanfor området ”Transport og lagring”.

Brukarar som har spørsmål til omlegginga, kan ta kontakt med statistikkansvarleg (sjå venstre marg under ”kontaktpersonar”).

Tabeller: