Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Sterk nedgang i arbeidsinnsatsen
Arbeidsinnsatsen i jordbruket er redusert med ein tredel sidan 1999. I takt med nedgangen i talet på jordbruksbedrifter, gjekk arbeidsinnsatsen ned frå 80 800 årsverk til 53 300 årsverk i denne perioden.
Det viser dei første resultata frå landbruksteljinga, som vart gjennomført i sommar. Større jordbruksbedrifter, meir rasjonell drift og auka spesialisering er nokre av årsakene til nedgangen.
Sjølv om timeforbruket har gått ned, har produksjonen endra seg lite. Kjøtproduksjonen har dreia frå storfeproduksjon til svin og fjørfe, medan mjølkeproduksjonen har gått ned. Planteproduksjonen med korn og potet er om lag uendra.
Familiehjelp viktig, men innleige aukar
Resultata viser at innleige av arbeidskraft har auka. I 1999 vart tre av fire timar utført av brukar og ektemakar. I 2010 var dette redusert til to av tre timeverk. Familiehjelp utførte framleis 10 prosent av arbeidsinnsatsen, medan innleigd hjelp auka frå 13 til 26 prosent. Av den innleigde hjelpa stod entreprenørar og andre gardbrukarar for 1 740 årsverk i 2010.
Husdyr krev mest arbeidsinnsats
Nedgangen i arbeidsinnsats var størst i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, med 40 prosent. Minst nedgang var det i Buskerud, Vestfold og Rogaland. Mest arbeidsinnsats vart utført i Rogaland og Oppland, der husdyrproduksjon står sterkt.
Gjennomsnittleg arbeidsinnsats i jordbruket per bedrift var 2 162 timar, og det er om lag som i 1999.
Utøver andre landbruksbaserte næringar
Nesten 60 prosent av jordbruksbedriftene utøver andre næringar basert på jordbruksbedrifta sine ressursar (maskinar, bygningar, areal eller produkt/råvarer). I 1999 var det vel 40 prosent som oppgav slike næringar. Nær 11 000 jordbruksbedrifter utførte leigekøyring for andre i 2010. Det har elles vore ein sterk auke i utleige av jakt- og fiskerett. Dei kalde vintrane kan og ha gjort at mange fleire har hogge ved for sal, noko som vert rekna som ei anna landbruksbasert næring.
I alt 4 000 årsverk vart brukt på tilleggsnæringane.
Om lag 8 prosent av jordbruksarealet treng drenering
21 800 av jordbruksbedriftene har rapportert om at delar av jordbruksarealet har behov for drenering. I alt vart det gitt opp at 840 000 dekar har behov for drenering. Dette svarer til rundt 8 prosent av jordbruksareal som er i drift.
I alt 7 400 bedrifter har vatningsanlegg, og anlegga kan nyttast på vel 1 million dekar jordbruksareal. Det er om lag som i 1999.
Tabeller
- Tabell 1 Arbeidsinnsats i jordbruk, skogbruk og andre landbruksbaserte næringar på jordbruksbedrifter, etter fylke. 1 000 timeverk. 1998/99 og 2009/10
- Tabell 2 Arbeidsinnsats i jordbruk, etter kven som utførte arbeidet og fylke. 1 000 timeverk. 1998/99 og 2009/10
- Tabell 3 Jordbruksbedrifter med andre landbruksbaserte næringar, etter fylke. 1998/99 og 2009/10
- Tabell 4 Jordbruksbedrifter med dårleg drenert jordbruksareal og jordbruksbedrifter med vatningsanlegg, etter fylke. Dekar. 1999 og 2010
Fleire resultatÅpne og lesLukk
Utviklinga i talet på jordbruksbedrifter, husdyr og bruk av jordbruksarealet er gitt i eiga melding Strukturen i jordbruket.
Dei første resultata er basert på eit utval av svara som har kome inn. Siste svarfrist gjekk ut 1. desember, og SSB er såleis svært tidleg ute med ferske tal. Fleire og meir detaljerte resultat på kommunenivå vert frigitt utover i 2011. Registerdata vil bli kopla til skjema etter kvart som dei vert tilgjengelege.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76