Innhold
Publisert:
Auka omsetning i avløp og renovasjon
Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på 14,2 milliardar kroner i 2008. Dette er ein auke på 9 prosent samanlikna med 2007.
Bedriftene som driv innsamling og handtering av anna avfall, hadde ei omsetning på 12 milliardar kroner i 2008, ein auke på 8 prosent samanlikna med 2007. I 6. termin 2008 var omsetninga på 1 914 millionar. Dette er ein auke på 8 prosent i forhold til same terminen i 2007.
Bedriftene som arbeider med oppsamling og behandling av avløpsvatn, hadde ein omsetning på 1,5 milliardar i 2008, ein auke på 15 prosent samanlikna med 2007. I november og desember 2008 var omsetninga på 289 millionar. Dette er ein auke på 19 prosent jamført med same perioden i 2007.
Bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemder, hadde ei omsetning på 685 millionar kroner 2008. Omsetningsauken i 2008 var på 20 prosent samanlikna med 2007. I 6. termin 2008 var omsetninga på 134 millionar. Dette tilsvarar ein auke på 12 prosent jamført med same perioden i 2007.
Viktig melding: Snart ny næringsklassifiseringFrå januar 2009 blir det teke i bruk ein ny versjon av norsk Standard for næringsgruppering (SN2007), ein nomenklatur for klassifisering av bedrifter og føretak i ulike næringar. Omsetningsstatistikken for avløps- og renovasjonsverksemd vil bli påverka frå og med frigivinga av tala i den neste publiseringa. For generell informasjon om overgang til ny standard - klikk her . |
Tabeller:
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42