Innhald
Publisert:
Framleis auke i verdipapirgjelda
I 4. kvartal 2015 emitterte innlendingar relativt store volum av obligasjonar og sertifikat både i og utafor Noreg. Trass store innfriingar veks Obligasjons- og sertifikatgjelda som innlendingane har i Noreg og utlandet med 5 prosent som ein følgje av fall i kronekursen.
Obligasjonar emitterte i Noreg | Sertifikat emitterte i Noreg | Verdipapirlån emitterte i utlandet | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Talet | Beløp | Talet | Beløp | Talet | Beløp | |
Desember 2015 | 67 | 21 830 | 77 | 27 352 | 43 | 20 411 |
November 2015 | 72 | 27 322 | 108 | 19 052 | 72 | 46 856 |
Oktober 2015 | 75 | 34 672 | 100 | 28 591 | 130 | 119 674 |
September 2015 | 91 | 28 633 | 129 | 37 473 | 67 | 67 185 |
August 2015 | 63 | 20 723 | 79 | 17 102 | 89 | 36 689 |
Juli 2015 | 37 | 12 678 | 47 | 7 651 | 65 | 47 016 |
Juni 2015 | 101 | 37 572 | 96 | 36 506 | 87 | 37 680 |
Mai 2015 | 83 | 35 230 | 84 | 18 140 | 96 | 64 110 |
April 2015 | 66 | 22 488 | 77 | 18 383 | 67 | 60 035 |
Mars 2015 | 90 | 47 606 | 120 | 35 615 | 125 | 73 646 |
Februar 2015 | 70 | 32 510 | 84 | 17 147 | 101 | 89 570 |
Januar 2015 | 67 | 29 518 | 80 | 24 437 | 95 | 68 353 |
Desember 2014 | 66 | 20 310 | 84 | 26 462 | 58 | 21 201 |
Ved utgangen av 4. kvartal 2015 var den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat emitterte i Noreg på 1 899 milliardar kroner. Dette er ein vekst i innanlandsgjelda på 1 prosent rekna frå det same tidspunktet året før. 87 prosent av gjelda frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte innanlands, var registrert på norske låntakarar.
Større gjeld trass store innfriingar
Norske låntakarar hadde i tillegg til låna innanlands ei gjeld på 1 837 milliardar kroner frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet ved utgangen av desember 2015. Samanlikna med utgangen av desember eitt år tidlegare gjekk denne gjelda opp 8 prosent sjølv om store lånevolum vart innfridd mot slutten av året. Gjeldsveksten kjem av at store deler av låna utanlands er tekne opp i euro, amerikanske dollar, britiske pund, japanske yen og annan valuta, som alle har auka sin verdi i høve til norske kronar i løpet av året.
Stabil sektorfordeling
Finansielle føretak hadde som tidlegare den største delen av gjelda innanlands, det vil seie 42 prosent. Offentleg forvaltning hadde nest mest gjeld med 29,5 prosent.
Endringar i marknadsverdiar
Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg er redusert i høve til tidlegare. Den låg i snitt 0,4 prosent over pålydande verdi ved utgangen av desember 2015, mot 2,5 prosent eitt år tidlegare. Marknadsverdien på gjelda for sertifikat som er emitterte i Noreg var derimot 0,1 prosent under den pålydande verdien ved utgangen av 2015, mot 0,4 prosent eitt år tidlegare.
Store emisjonsvolum i 4. kvartal 2015
Det vart registrert 285 emisjonar av obligasjonar og 214 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 159 milliardar kroner i Noreg i 4. kvartal 2015. Volumet på låna som vart tekne opp i Noreg, var støst for obligasjonar (84 milliardar).
Talet og beløpet på emisjonane innanlands var høvesvis 1 prosent og 15 prosent større i 4. kvartal 2015 enn i same kvartal året før. Veksten i lån kjem av at særleg bankar og andre finansielle føretak tok opp fleire nye lån. I 4. kvartal i 2015 vart det òg registrert 245 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte utanfor Noreg av norske einingar. Den samla verdien på desse emisjonane var 187 milliardar kroner. Talet for emisjonane utanfor Noreg var om lag uendra, men beløpet var 12 prosent større i 4. kvartal 2015 enn eitt år tidlegare.
Utlendingar emitterer mindre lån i Noreg
Offentleg forvaltning sto for 46 prosent av emisjonsvolumet innanlands i 4. kvartal 2015 mot 47 prosent i 4. kvartal 2014. Finansielle føretak tok opp 33 prosent av låna mot 25 prosent eitt år tidlegare. Utlendingar sin del av emisjonsvolumet var berre 4 prosent ved utgangen av 2015, mot 8 prosent ved utgangen av 2014.
Bankane lånte meir og offentleg forvaltning mindre utanlands
Bankar sto for 68 prosent av emisjonsvolumet mot 50 prosent året før .Offentleg forvaltning sto for 12 prosent av norske einingar sitt emisjonsvolum i utlandet i 4. kvartal 2015, mot 28 prosent eitt år tidlegare. Andre finansielle føretak sin del av emisjonsvolumet var om lag uendra.
Statistikken blir no publisert som Verdipapirer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42