265482
265482
Eitt av tre føretak kjøper reklame på internett
statistikk
2016-08-31T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Virksomheter, foretak og regnskap
no
iktbrukn, Bruk av IKT i næringslivet, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, føretak, elektronisk kommunikasjon, internettbruk, websider, næringsfordelt IKT-bruk, netthandel, sikkerhetsløysingarInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Virksomheter og foretak, Teknologi og innovasjon, Virksomheter, foretak og regnskap
true

Bruk av IKT i næringslivet2016

Føretak med minst 10 sysselsette er med i undersøkinga. Sjå ‘Om statistikken’ for kva næringar som inngår i undersøkinga.

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Eitt av tre føretak kjøper reklame på internett

36 prosent av føretak med minst ti sysselsette kjøper reklame på internett. Det siste året har delen av føretaka som bruker sosiale nettverk auka med 8 prosentpoeng.

Bruk av IKT i næringslivet1
2013201420152016
1Føretak med minst 10 sysselsette.
Del av føretaka med bruk av IKT per januar
Alle typar breiband92939493
Faste breiband i alt89858887
Høgaste nedlastingshastigheit minst 30 Mbit/s25343744
Har heimeside79798080
2012201320142015
Del av føretaka med bruk av IKT per år
Utført elektronisk handel58556657
Figur 1. Elektronisk sal. Omsetning frå EDI-sal og nettsal. Føretak med minst 10 tilsette

Delen av føretaka som betaler for reklame på internett, aukar med storleiken på føretaka. 35 prosent av føretaka med 10-19 sysselsette betaler for reklame på internett, medan 43 prosent av føretak med 100 sysselsette betaler for slik reklame.

I undersøkinga blei føretaka bedne om å oppgje kva type reklame dei betaler for på internett. Her er det flest som har oppgjeve at dei betaler for reklame som baserer seg på innhaldet på nettsidene eller søkjeorda som brukarane nyttar. 26 prosent av føretaka betaler for reklame som baserer seg på desse metodane. 9 prosent betaler for reklame som baserer seg på overvaking av aktivitetane eller profilen til internettbrukarane, og 15 prosent betaler for reklame som baserer seg på den geografiske plasseringa til internettbrukarane.

Det er spesielt føretak innan handel og reparasjon av motorkøyrety som betaler for reklame på internett. 63 prosent av føretaka betaler for slike tenester, medan berre 28 prosent av føretaka innan detaljhandel gjer det.

Framleis auke i bruken av sosiale nettverk

67 prosent av føretaka nyttar sosiale nettverk som Facebook og LinkedIn. Det er ein auke på 8 prosentpoeng frå 2015 og 16 prosentpoeng frå 2014. Bruk av nettsider for deling av multimediainnhald har auka 2 prosentpoeng frå i fjor til 15 prosent i år. Bruk av føretaksblogg og mikroblogg, i tillegg til verkty for kunnskapsdeling basert på wikiar, har ein nedgang på 1 prosentpoeng frå i fjor. 11 prosent av føretaka nyttar føretaksblogg eller mikroblogg, medan 5 prosent nyttar verkty for kunnskapsdeling basert på wikiar. Felles for bruken av dei ulike sosiale media er at dei aukar med storleiken på føretaka. 77 prosent av føretaka med minst 100 sysselsette nyttar nettverk, medan 65 prosent av føretaka med 10-19 sysselsette gjer dette.

Enklare å drive med elektronisk sal

Hindringane for sal via nettside eller app gjekk ned i 2015. Av dei føretaka som ikkje har sal via elektronisk handel, har 62 prosent oppgjeve at varene og tenestene føretaket tilbyr, ikkje passar for nettsal. Det er ein nedgang frå 67 prosent i 2014. 32 prosent har oppgjeve problem med logistikk, og 31 prosent har oppgjeve høge kostnader som hinder eller avgrensing for å selje via ei nettside eller app. Det er ein nedgang på høvesvis 8 og 9 prosentpoeng frå året før.

Samla verdi av elektronisk sal i 2015 er utrekna til 723 milliardar norske kroner, og utgjorde dermed 24 prosent av total omsetning i næringane som er med i undersøkinga. Det er ein auke på 4 prosentpoeng frå 2014 og 5 prosentpoeng frå 2013. Sal via EDI utgjorde 54 prosent av omsetninga frå elektronisk sal, medan nettsal utgjorde 46 prosent.

Fire av ti nyttar nettskya

40 prosent av føretaka kjøper nettskytenester. Det er ein auke på 2 prosentpoeng frå 2015 og 11 prosentpoeng frå 2014. Dei fleste som kjøper slike tenester, nyttar skya til lagring av filer og e-post. Høvesvis 71 og 70 prosent av føretaka som kjøper skytenester nyttar skya til lagring av filer og e-post.

Delen som kjøper nettskytenester aukar med storleiken på føretaka. 60 prosent av føretak med minst 100 sysselsette kjøper nettskytenester. Til samanlikning kjøper 34 prosent av føretaka med 10-19 sysselsette slike tenester. Det er størst del av føretak innanfor næringa informasjon og kommunikasjon som kjøper nettskytenester, medan det er minst for føretak innanfor detaljhandel. Høvesvis 72 og 18 prosent av føretaka i desse næringane kjøper nettskytenester.

Av dei ulike nettskytenestene, er det størst auke i føretak som kjøper finansielle eller rekneskapsprogram som ein nettskyteneste. Av dei som kjøper nettskytenester, har delen som kjøper finansielle eller rekneskapsprogram som ein nettskyteneste auka med 10 prosentpoeng frå 2015 til 2016.

Utbredt med raske breiband

I 2016 har 44 prosent av føretaka raske breiband med minst 30 mbit/s hastigheit på nedlasting. Dette er ein auke på 7 prosentpoeng frå i fjor og frå 17 prosent i 2011. 63 prosent av føretaka innanfor næringa informasjon og kommunikasjon har minst 100 Mbit/s hastigheit på nedlasting.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB