[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 11, 1997

Elvefiske etter laks og sjøaure, 1996:

Stor nedgang i elvefiske etter laks og sjøaure


Det blei fiska i alt 338 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 1996. Det er 75 tonn mindre enn i 1995.
Fangsten var fordelt med 267 tonn laks og 72 tonn sjøaure og sjørøye. I forhold til året før utgjer det ein nedgang på 18 prosent for laks og 19 prosent for dei to andre fiskeslaga.

37 prosent av laksen var under 3 kilo, 27 prosent mellom 3 og 7 kilo og 36 prosent over 7 kilo. Gjennomsnittsvekta var 3,2 kilo i 1996 mot 2,9 kilo i 1995. For sjøaure og sjørøye var gjennomsnittsvekta 0,9 kilo i 1996.

Tana det viktigaste vassdraget
Trass i ein nedgang på heile 43 prosent dei to siste åra, er Tana med bi-elvar framleis det viktigaste vassdraget. Der vart det teke opp 50 tonn av dei tre fiskeslaga. Deretter følgde Namsen, Numedalslågen, Gaula og Altaelva.

Førstehandsverdien av fisket i elvane er for 1996 utrekna til om lag 15 millionar kroner.

Ny statistikk

Elvefiske etter laks og sjøaure, 1996.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Lakse- og sjøaurefiske og Regionalstatistikk. Meir informasjon: Kristin Bagaas, tlf. 62 88 52 30, e-post: knh@ssb.no eller Åse Mobråten, tlf. 62 88 52 31, epost: mon@ssb.no.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 11, 1997