[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 20, 1997

Byggjekostnadsindeks, bustader, april 1997:

Lønsoppgjeret gav auka byggjekostnader


Dei totale byggjekostnadene steig med 0,7 prosent frå mars til april i år både for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Auken skuldast i all hovudsak tillegget ved årets lønsoppgjer.
Materialkostnadene auka i det same tidsrommet med 0,3 prosent for dei tre bustadtypane.

Indeksen for måling, tapetsering og leggjing av golvbelegg har størst andel lønskostnader av delindeksane. Auken i dei totale kostnadene var her 0,8 prosent for einebustader og 1,0 prosent for rekkjehus og bustadblokker. Materialkostnadene for måling og tapetsering hadde den same stigninga som dei totale materialkostnadene, 0,3 prosent.

Frå april 1996 til april 1997 gjekk dei totale byggjekostnadene opp med 1,9 prosent for einebustader, 1,7 prosent for rekkjehus og 1,6 prosent for bustadblokker. Endringa i materialkostnadene var her 2,2 prosent for einebustader og 2,3 prosent for rekkjehus og bustadblokker.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Ny statistikk

Byggjekostnadsindeks, bustader, april 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Åse Wilhelmsen, tlf. 62 88 54 61, e-post: wil@ssb.no eller Lars H. Thingstad, tlf. 62 88 54 79, e-post: lht@ssb.no.

Tabell

Ukens statistikk nr. 20, 1997