[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 3, 1998

Produksjonsindeks for industrien, november 1997:

Små endringar i industriproduksjonen i november


Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, indu-stri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) har gått ned med 0,2 prosent frå oktober til november, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Totalindeksen låg nesten 6 prosent over tilsvarande månad i fjor.
Når vi tek omsyn til normale sesongvariasjonar har industriproduksjonen gått ned med 0,3 prosent i november. Produksjonen i industrien låg 5,7 prosent over tilsvarande månad i fjor, dersom ein samanliknar vekekorrigert statistikk. I november 1997 skil næringar som oljeraffinering og treforedling seg ut med ein klar vekst. Møbelindustrien og trelast- og trevareindustrien har hatt ei negativ utvikling i den same perioden.

Næringar med energiproduksjon
Olje- og gassutvinning vart redusert med 0,3 prosent frå oktober til november, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Justert for normale sesongvariasjonar vart kraftproduksjonen redusert med 8,4 prosent frå oktober til november. Dette heng mellom anna saman med at produksjonen i oktober 1997 var 49,6 prosent større enn i oktober 1996, medan produksjonen i november 1997 var 21,1 prosent større enn tilsvarande månad i 1996.

Om statistikken
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med frist for innsending den 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er bearbeidingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeida timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.

Tabeller

* Tabell 01: Produksjonsindeksen. Prosentvis endring

Ny statistikk

Produksjonsindeks for industrien, november 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Kjell Berger, tlf. 21 09 47 19, e-post: ksb@ssb.no, eller Øyvind Naustdal, tlf. 21 09 47 35, e-post: oyn@ssb.no.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 3, 1998