[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 7, 1998

Elvefiske etter laks og sjøaure, 1997:

Mindre laksefiske


Det blei fiska 302 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 1997. Det er 36 tonn mindre enn i 1996.
Fangsten var fordelt med 235 tonn laks og 69 tonn sjøaure og sjørøye. I forhold til året før utgjer det ein nedgang på 12 prosent for laks og 7 prosent for dei to andre fiskeslaga.

47 prosent av laksen var under 3 kilo, 29 prosent mellom 3 og 7 kilo og 24 prosent over 7 kilo. Gjennomsnittsvekta var 2,8 kilo i 1997 mot 3,2 kilo i 1996.

Tana med bielvar er det viktigaste vassdraget. Der vart det teke 54 tonn av dei tre fiskeslaga. Dette er 4 tonn meir enn i 1996. Deretter følgde Namsen, Altaelva, Numedalslågen og Gaula som alle hadde nedgang i fangsten. Størst var nedgangen i Gaula med 62 prosent og i Numedalslågen med 35 prosent. Førstehandsverdien av fisket i elvane er utrekna til om lag 13 millionar kroner.

Tabeller

* Tabell 01: Lakse- og sjøaurefiske i elvane. Heile landet. Tonn

* Tabell 02: Lakse- og sjøaurefiske. Elvar/vassdrag med størst fangst. Kilo


Ny statistikk

Elvefiske etter laks og sjøaure, 1997.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Lakse- og sjøaurefiske og Regionalstatistikk. Meir informasjon: Åse Mobråten, tlf. 62 88 52 31, e-post: mon@ssb.no, eller Anne-Turi Fossheim, tlf. 62 88 52 30, e-post: atf@ ssb.no.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 7, 1998