Innvilga tilskott til miljøtiltak i jordbruket auka frå 71 millionar kroner i 1996 til 95 millionar i 1997, ein auke på 34 prosent. Det er særleg omfanget av planar som omfattar gjødsellager og anlegg for silo og pressaft som aukar. Det vart i 1997 godkjend 1 385 planar som omfatta gjødsellager, 439 fleire enn året før. For silo- og presssaftanlegg vart det godkjend 770 planar. Dette er 210 fleire enn i 1996.
Det vart i 1997 godkjend 2100 planar om investeringsstøtte til miljøtiltak i jordbruket. Dette er ein auke på 500 planar frå 1996.
67 millionar kroner vart utbetalt i investeringsstøtte til miljøtiltak i jordbruket i 1997. Nord-Trøndelag fekk mest støtte, med 12,9 millionar kroner.
Den sterke auken i talet på godkjende planar frå 1997 til 1998 har samanheng
med omlegging av tilskottsordninga frå og med 1998. Gjødsellager,
mjølkeromsavløp og silo- og pressaftanlegg kjem frå og med 1998 inn under
ordninga med bygdeutviklingsmidlar.
Om statistikken
Statistikken over investeringsstøtte til miljøtiltak i jordbruket byggjer på
søknader som Landbruksdepartementet samlar inn. Tilskotta vert gitt etter
nærare retningsliner fastsett av Landbruksdepartementet.