Igangsett bruksareal i februar i år til andre bygg enn bustader auka likevel 22 prosent samanlikna med i fjor. I februar vart 328 400 kvadratmeter bruksareal til slike bygg sett i gang. Dei to første månadene i år var igangsetjinga av slikt areal om lag like stor som i same periode i fjor.
Trenden i igangsett bruks-areal til andre bygg enn bu-stader flatar ut etter å stort sett ha stige sidan januar 1993. Igangsetjingsnivået er om lag dobbelt så høgt som botnnivået i 1992.
1 863 igangsette bustader
Det vart registrert igangsett 1 863 bustader i februar. Dette er 41 prosent
fleire enn i februar i fjor. Etterslepet i registreringane av bustader i
februar i år er uvanleg høgt med 4,7 månader. I same månad i fjor vart
etterslepet i tilsvarande registreringar 2,6 månader. Dei to første månadene i
år auka talet på igangsette bustader med 22 prosent samanlikna med i fjor.
Igangsett bruksareal til bustader auka ikkje like mykje som talet på bustader i desse to månadene. Auken i slikt bruksareal var 10 prosent.
Tal for Oslo og Trondheim kommune
Godkjende, igangsette og fullførte bygg i Oslo i store delar av januar og i
Trondheim kommune i heile januar vart registrerte i GAB-registeret i februar.
Desse bygga kjem derfor med på statistikken for denne månaden. Totaltal for
igangsette bygg justerte ved hjelp av estimat for desse to kommunane er gjevne
i eigen tabell.
Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-,
Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret,
medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane
registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen,
igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet
på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte.
Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.
Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For andre bygg enn bustader registrerte i februar 1998 var det gjennomsnittlege etterslepet på 4,1 månader. I same månad i fjor var etterslepet 4,0 månader. På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15 prosent. For året har det vist seg å vere godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.