[an error occurred while processing this directive]
Produksjonen i industri og bergverksdrift har hatt ein vekst med 0,2 prosent frå februar til mars. Den var då 15,8 prosent større enn tilsvarande månad i 1997, dersom vi samanliknar vekekorrigert statistikk. Når Statistisk sentralbyrå måler produksjonen slik, har ein ikkje teke omsyn til at påska 1997 var i mars, medan påska 1998 var i april. I januar og februar 1998 var produksjonen mellom 4 og 5 prosent høgare enn same månader i 1997.
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) gjekk opp med 0,8 prosent frå februar til mars 1998, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Dette heng saman med ein vekst i kraftproduksjonen.
Tekstil- og kledeindustri, treforedling, og trelast- og trevareindustrien har hatt ei negativ utvikling den siste månaden. Andre næringar som mellom anna metall- og metallvareindustrien og maskin- og transportmiddelindustrien har hatt ei positiv utvikling.
Næringar med energiproduksjon
Olje- og gassutvinninga vart redusert med 0,1 prosent frå februar til mars. Det
har vore ein vekst på 7,5 prosent i kraftproduksjonen den siste månaden.
Om statistikken
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå
om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad.
Vektgrunnlaget er bearbeidingsverdi til faktorpris, og indikatorar for
produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeida timeverk eller
råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri,
bergverksdrift og kraftforsyning.
Ukens statistikk nr. 20, 1998 [an error occurred while processing this directive]