[an error occurred while processing this directive]
I 1996 var det for første gong fleire folketrygdpensjonistar som i tillegg til folketrygda mottok tenestepensjonar og liknande, enn det var pensjonistar utan slike tenestepensjonar.
Alderspensjonistane hadde i 1996 ei gjennomsnittleg bruttoinntekt på 121 500 kroner. Målt i faste prisar var dette 7 300 kroner, eller 6,4 prosent høgare enn i 1994. Auken i inntekter frå tenestepensjon forklarar mykje av denne inntektsveksten.
Talet på pensjonistar som har inntekter frå ulike tenestepensjonsordningar har auka frå 418 500 i 1993 til 443 300 i 1996, ein auke på 5,9 prosent. I same periode blei talet på pensjonistar utan tenestepensjonar redusert frå 454 000 til 433 600, ein nedgang på 4,5 prosent. Skil vi mellom dei ulike pensjonistgruppene er det særleg blant alders- og uførepensjonistane at fleire har krav på tenestepensjonar. Frå 1994 til 1996 auka talet på alderspensjonistar med tenestepensjon med 12 800 personar, medan auken blant uførepensjonistar var på 5 000 personar. Sjølv om ytingar frå folketrygda til dømes utgjer to tredelar av alderspensjonistane si bruttoinntekt og nær 70 prosent av bruttoinntekta for uførepensjonistane, blir tenestepensjon stadig viktigare.
For alderspensjonistane utgjer tenestepensjonar den viktigaste inntekta ved sida av folketrygda. I 1996 utgjorde slike pensjoner 17,1 prosent av bruttoinntekta. Inntektene frå folketrygda, målt i faste prisar, steig med 5,7 prosent frå 1994 til 1996, frå 76 200 til 80 600 kroner. I same periode auka inntektene frå tenestepensjonane med 10,2 prosent, frå 18 900 til 20 800 kroner. Alderspensjonistar utan tenestepensjon hadde i 1996 ei gjennomsnittleg bruttoinntekt på 82 100 kroner, medan alderspensjonistar med tenestepensjon hadde ei bruttoinntekt på 153 200 kroner.
Også for uføre- og attlevandepensjonistar auka inntektene frå tenestepensjonar meir enn folketrygda. Målt i faste prisar, steig ytingane frå folketrygda med høvesvis 3,6 og 0,7 prosent for dei to pensjonistgruppene. Tenestepensjonen auka samstundes med 7,8 prosent, til 10 400 kroner for uførepensjonistane, og med 8,1 prosent, til 22 600 kroner for attlevandepensjonistane.
Blant attlevandepensjonistane var det ein nedgang i talet med tenestepensjonar
på om lag 600 personar. Til gjengjeld er inntektsnivået for denne gruppa klart
høgare enn for dei andre folketrygdpensjonistane. Dette kjem av at
attlevandepensjonistane har lønsinntekt som største inntektskjelde (vel 45
prosent). For denne pensjonistgruppa står samstundes folketrygda berre for 28
prosent av bruttoinntekta.
Om statistikken
Einingane i statistikken er personar som ifølgje Rikstrygdeverket er
mot-takarar av alders-, uføre- eller attlevandepensjon frå folketrygda per
desember 1996, og som er busette i landet. Nokre av dei kan ha vore yrkesaktive
delar av året. Befolkninga som inngår i statistikken er alle busette
folketrygdpensjonistar (876 900 personar), når ein ser bort frå etterlatne
familiepleiarar og barnepensjonistar. Til samanlikning blir det og gitt tal for
alle busette personar 17 år og over, etter sosioøkonomisk status.
So-sioøkonomisk status blir fastsett ut ifrå kva type inntekt som er størst.
For personar som er grupperte som tilsette vil til dømes største inntektskjelde
vere løn, medan næringsdrivande vil ha næringsinntekt som største
inntektskjelde. Statistikken gjev opplysningar om inntekter og frådrag som er
henta frå skattelikninga. Storleiken på beløpa vil difor vere bestemt av
gjeldande skattereglar og likningspraksis. Skattefrie inntekter kjem ikkje med
i statistikken.
Figur 5: Folketrygdpensjonistar med og utan tenestepensjon. 1993-1996
Ukens statistikk nr. 23, 1998 [an error occurred while processing this directive]