[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 23, 1998

Byggjearealstatistikk, april 1998:

Stabil igangsetjing av yrkesbygg


Dei fire første månadene i år er det registrert igangsett 1085500 kvadratmeter bruks-areal til andre bygg enn bustader. Dette er om lag same igangsetjingstal som i denne perioden i fjor.
I april i år gjekk igangsett bruks-areal til andre bygg enn bustader ned 8 prosent samanlikna med april i 1997. I alt 235 800 kvadratmeter bruksareal til slike bygg vart igangsett i april i år. Noko av årsaka til at det er lågare igangsetjing i april i år enn i fjor er plasseringa av påska. I fjor var påska i mars, medan ho i år var i april.

Mykje nytt bruksareal i Vest-Agder
I Vest-Agder vart det sett i gang 60300 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader i perioden januar til april. I same periode i fjor var igangsetjingstalet 24 000 kvadratmeter. Også Møre og Romsdal hadde stor auke i igangsetjinga av slike bygg desse månadene samanlikna med i fjor. I alt 102 100 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader er sette i gang i fylket dei fire første månadene i år.

Målt i kvadratmeter bruksareal er byggjeaktiviteten innanfor andre bygg enn bustader i perioden januar til april størst i Akershus, Oslo og Møre og Romsdal fylke.

1 721 igangsette bustader
Talet på igangsette bustader i april i år er 7 prosent lågare enn i april i fjor. Denne månaden vart 1 721 bustader registrert igangsette. I perioden januar til april er det likevel registrert igangsett 8 prosent fleire bustader enn i same periode i fjor.

Korrigerte tal for februar
I februar 1998 vart det registrert igangsett 288 bustader for mykje i Trondheim kommune. Desse hadde 8000 kvadratmeter bruksareal til bustader. Tal for februar 1998 er no korrigerte for dette.

Tabeller

  • Tabell 01. Bygg sette i gang. Justerte, førebels tal

    Om statistikken
    Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

    Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i april 1998 er etterslepet gjennomsnittleg 2,2 månader for bustader og 2,7 månader for andre bygg enn bustader.

    På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent. For året har det vist seg å vere godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

    [Figur 6]

    Figur 6: Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader. Januar-april 1998. Fylke. Kvadratmeter


    Ny statistikk

    Byggjearealstatistikk, april 1998.
    Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon og e-post: john.egil.bjorke@ssb.no, tlf. 62 88 54 30, eller ingvei.seliussen@ssb.no, tlf. 62 88 55 15.

    Tabellregister


    Ukens statistikk nr. 23, 1998 [an error occurred while processing this directive]