[an error occurred while processing this directive]
Knapt 1,3 millionar menneske besøkte teater- og operaframsyningar i 1997. Dette var i snitt 0,3 besøk per innbyggjar. Det vart halde om lag 6 700 framsyningar.
I 1997 var det nær 150 000 fleire besøkjande ved barne- og ungdomsframsyningane ved dei norske teatera og operaene samanlikna med 1996. Dette er ein auke på dryge 37 prosent. Det vart halde i overkant av 900 fleire framsyningar samanlikna med året før.
Oppgang sidan 1994
Talet på besøkjande ved dei norske teatera og operaene har gått opp med drygt
88 000, eller drygt 7 prosent, sidan 1994. Talet på framsyningar har auka med
om lag 400 i same periode. Det er likevel store svingingar frå år til år når
det gjeld talet på framsyningar ved dei fleste teatera.
Statistikken syner ein liten nedgang i besøkstala for turnéframsyningar i 1997 samanlikna med året før. Men i same periode var det ein auke på om lag 470 framsyningar.
33 prosent tilsette i kunstneriske stillingar
Av i alt drygt 1 600 tilsette ved dei norske teatera og operaene var i overkant
av 500 tilsette i kunstneriske stillingar. Totalt for heile landet var delen i
kunstnerisk stilling 33 prosent.
Statistisk sentralbyrå si kultur- og mediebruksundersøking i 1997 synte at 45 prosent av dei spurde hadde vore på teater, musikal eller revy dei seinaste 12 månadene. 6 prosent hadde vore på opera eller operette, medan 9 prosent hadde vore på ballett- eller danseframsyning. Samla syner statistikken at kvinner nyttar desse kulturtilboda i større grad enn menn og at bruken aukar dess høgare utdanning ein har.
Om statistikken
Statistikken er utarbeidd på grunnlag av materiale frå Norsk teater- og
orkesterforening (NTO), og inneheld opplysningar om verksemder med medlemskap i
NTO. Opplysningane som ligg til grunn for framstillinga baserer seg på
verksemdene sine aktivitetar i 1997 med status per 31. desember 1997.
Statistikken over bruk av kulturtilbod er henta frå Statistisk sentralbyrå si kultur- og mediebruksundersøking 1997. Meir detaljerte tal over nordmenn sine kulturvanar finst i "Norsk kulturbarometer 1997" (Statistiske analysar nr. 25/98).
Figur 7: Tal besøk ved barne- og ungdomsframsyningar. 1994-1997
Ny statistikk
Kulturstatistikk. Scenekunst, 1997.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens
statistikk. Meir informasjon og e-post: vera.thrane@ssb.no, tlf. 62 88 52 57,
eller thorstein.ouren@ssb.no, tlf. 62 88 52 71.
Ukens statistikk nr. 37, 1998 [an error occurred while processing this directive]