[an error occurred while processing this directive]
For mannlege arbeidarar i anleggsverksemd var den gjennomsnittlege timefortenesta 163,91 kroner. Dette er ein auke på 5,7 prosent.
Den gjennomsnittlege timefortenesta for mannlege arbeidarar i privat byggjeverksemd var 128,76 kroner i 2.kvartal. Dette er ein auke på 6,2 prosent frå same kvartal i fjor.
I industrien var gjennomsnittleg timeforteneste 124,53 kroner 2. kvartal 1998. Dette er ein auke på 4,8prosent frå same kvartal i fjor.
Dei mannlege arbeidarane i industrien hadde ei timeforteneste på 127,51 kroner, medan kvinnene hadde 117,39 kroner. Dette gjev ein auke på 4,7 prosent sidan 1. kvartal i fjor for både menn og kvinner
Om statistikken
Statistikken byggjer på oppgåver frå verksemder som er medlemmer i
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO). Timefortenesta omfattar tidlønn, akkord
og betaling for overtid. Offshorearbeidarar er med i statistikken.
Ny statistikk
Lønnsstatistikk. Timeforteneste i industri og privat byggje- og
anleggsverksemd. Verksemder tilslutta Næringslivets Hovedorganisasjon, 2.
kvartal 1998.
Statistikken kjem ut fire gonger i året i Ukens statistikk.
Meir informasjon: Aud.Anna.Tonder@ssb.no, tlf. 62 88 51 81, eller
Knut.Hakon.Grini@ssb.no, tlf. 62 88 54 44.
Ukens statistikk nr. 42, 1998 [an error occurred while processing this directive]