[an error occurred while processing this directive]
Dei kommunale utgiftene inkluderer i tillegg til drift av eigne barnehagar, eventuelle kommunale tilskott til private barnehagar. Utifrå innbyggjartalet til kommunane var det dei minste kommunane som hadde dei høgaste driftsutgiftene til barnehagar per innbyggjar, medan kommunane med 30 000-50 000 innbyggjarar i gjennomsnitt hadde dei lågaste driftsutgiftene per innbyggjar.
Kommunane sine driftsutgifter til barnehagane utgjorde vel 5 prosent av dei totale driftsutgiftene i fjor når Oslo er halde utanom. I gjennomsnitt nytta kommunane 1 500 kroner til barnehagar. Dei minste kommunane nytta mest, dei største minst. Tala viser store variasjonar mellom kommunane.
I alt 15 kommunar nytta mindre enn 500 kroner per innbyggjar til barnehagar, medan 15 kommunar nytta meir enn 3 500 kroner per innbyggjar. Forskjellar i talet på barn med heildagsplass og talet på barn under 3 år i barnehage i prosent av alle barna i barnehage gjev vesentleg hjelp til å forklare skilnadene mellom dei ulike grupper av kommunar. Kommunane kor desse indikatorane er høge, vil normalt ha høgare kostnader til barnehagesektoren enn kommunar kor desse indikatorane er låge.
Grunnskolane
Kommunane sine driftsutgifter til dei kommunale grunnskolane utgjorde i 1997
vel 18 prosent av dei samla driftsutgiftene til kommunane når Oslo er
halde utanom. I gjennomsnitt nytta kommunane i Noreg 4650 kroner per
innbyggjar på grunnskolen. Kommunar med mindre enn 2 000 innbyggjarar nytta
mest pengar per innbyggjar, medan kommunar med meir enn 50 000 innbyggjarar
nytta minst. I alt 19kommunar nytta mindre enn 4000 kroner per
innbyggjar til grunnskolar, medan 26 kommunar nytta meir enn 8 000 kroner per
innbyggjar. Driftsutgifter per elev er for 1997 i gjennomsnitt rekna ut til
37100 kroner, og varierer mellom kommunane i hovudsak på same måte som
"driftsutgifter per innbyggjar".
Vidaregåande opplæring
Fylkeskommunane nytta 2 600 kroner per innbyggjar til vidaregåande opplæring i
1997, noko som svarar til 20,5 prosent av fylkeskommunane sine totale
driftsutgifter når Oslo er halde utanom. Knapt 75 prosent av utgiftene var
utgifter til løn. Kor stor del utgiftene til løn utgjorde av dei totale
driftsutgiftene varierer frå 63 prosent til knapt 80 prosent. Driftsutgiftene
per elev og lærling var i gjennomsnitt 59 600 kroner. Det er store variasjonar
mellom fylka i driftsutgifter per elev og lærling, frå knapt 48 000 til 71 500
kroner.
I skoleåret 1997/98 var det 7,1 elevar per lærarårsverk i dei offentlege vidaregåande skolane. Dette er ein nedgang frå 7,8 elevar per årsverk i 1992. I perioden 1992-1997 har talet på elevar gått ned med nesten 14 prosent, medan talet på lærarårsverk berre har blitt redusert med 5 prosent. Reduksjonen i talet på elevar per lærarårsverk har ført til auka kostnader per eining målt ved talet på elevar per lærarårsverk.
Om statistikken
Driftsutgifter omfattar utgifter til løn, kjøp av utstyr som maskinar, inventar
og anna varig utstyr, vedlikehald av bygningar og andre regulære
driftsutgifter. For å få eit meir rett inntrykk av driftsutgiftene er desse
redusert med postar som "blæs opp" rekneskapen. Dette gjeld fordelte utgifter,
refusjonar for sjukeløn, interne overføringar og kalkulatoriske renter og
avskrivingar. Korrigerte driftsutgifter på sektornivå er også redusert med
overføringar til eller frå andre kommunar/fylkeskommunar.
Rekneskapane rapporterast for eit kalenderår, medan elevane rapporterast for eit skoleår. På grunn av Reform 97 kan difor ikkje tala for 1997 samanliknast med tala for tidlegare år. Medan det våren 1997 var ni klassesteg i grunnskolen, var det hausten 1997 ti klassesteg.
Kilde
Aktuell utdanningsstatistikk 7/98.
Publikasjonen kjem ut 13. november
1998 og inneheld tal for den einskilde kommune og fylkeskommune. Publikasjonen
blir også tilgjengeleg på Statistisk sentralbyrå si web-teneste på Internett.
Meir informasjon: Terje.Risberg@ssb.no, tlf. 62 88 52 68, eller
Tor.Jorgensen@ssb.no, tlf. 62 88 52 69.
Ukens statistikk nr. 46, 1998 [an error occurred while processing this directive]