[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 11, 1999

Kontrollerte slakt, 1998. Førebelse tal:

Liten auke i kjøtproduksjon


Det vart kontrollert 254 300 tonn kjøt i 1998, ein auke på 152 tonn frå året før. Sidan 1994 har samla kjøtproduksjon auka med 23 000 tonn, eller 10 prosent.
Av det kontrollerte slaktet i fjor utgjorde svinekjøt 106 400 tonn (42 prosent), storfekjøt 90 900 tonn (36 prosent) og fjørfekjøt 31 100 tonn (12 prosent). Samanlikna med 1997 har det vore ein auke i slakt av hest, storfe og svin. For dei andre dyreslaga, sau og fjørfe, har det vore ein nedgang.

Samanlikna med 1994 har fjørfe- og svinekjøt auka mest med 6 000 tonn (24 prosent) og 15 200 tonn (17 prosent). For storfekjøt har det vore ein auke på 5 prosent. I same periode har produksjonen av sauekjøt gått ned med 1 700 tonn, eller 7 prosent.

Kvartalstala frå kjøtkontrollen syner at slakt av storfekjøt har gått gradvis nedover frå 1. kvartal (26 600 tonn) til 4. kvartal (21 300 tonn) i 1998. Slakt av svinekjøt var noko større i 4. kvartal enn andre tider på året. Hausten er det slaktesesong for sau, og i 1998 kom 89 prosent av slaktemengda frå 3. og 4. kvartal.

Om statistikken
Statistikken byggjer på rapportering frå slakteri og andre via Leveranseregisteret for slakt. Leveranseregisteret blir administrert av Landbruksdepartementet.

[Figur 15]

Figur 15: Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Tonn


Ny statistikk
Kontrollerte slakt, 1998. Førebelse tal.
Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statistikk og årleg i Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Jardbjorg.Andreassen@ssb.no,tlf. 62 88 52 36, eller Berit.Bjorlo@ssb.no, tlf. 62 88 55 07.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 11, 1999 [an error occurred while processing this directive]