[an error occurred while processing this directive]
Produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) viste ein nedgang på 1,0 prosent frå februar til mars 1999, når ein ser på sesongjusterte tal. I same tidsrom auka industriproduksjonen med 1,5 prosent. Ein må sjå på aktuelle sesongjusterte tal som meir usikre enn normalt.
Produksjonen i industrien var i mars 2,4 prosent lågare enn i tilsvarande
månad i 1998, dersom ein samanliknar vekekorrigerte tal. Ser ein på 1. kvartal
i år samanlikna med 4. kvartal i 1998, har produksjonen i industrien vore
om lag uendra. Aktivitetsnivået er høgt, men svakare ordretilgang og auka
konkurranse for mange bransjar kan ha sett press på dagens produksjonsnivå.
Dette resultatet og resultata for enkelte andre sektorar vurderast som usikre.
Dette heng saman med at påska i år var delt mellom mars og april. Erfaring
syner at det er vanskeleg å få presis informasjon om bedriftene sin
produksjonsaktivitet i påskeperioden. Dette skaper spesielt vanskar når påska
er delt, og problemet ligg i hovudsak i å fastsetje omfanget av ferieavvikling.
Det er difor vanskeleg å seie kva for verknad påska har hatt på
industriproduksjonen før tala for april vert klare.
Auke i kjemisk industri og oljeraffinering
Kjemisk industri og oljeraffinering kan vise til ein klar sesongjustert auke frå februar til mars. Innanfor kjemisk industri er det ein auke i etterspørselen og eksporten dei siste månadene som trekkjer opp. Ein sentral aktør innanfor oljeraffinering kan vise til rekordhøg produksjon i mars 1999. Desse næringane kan elles vise til ein auke samanlikna med tilsvarande månad i fjor. Det har også vore eit godt 1. kvartal for elektroteknisk og optisk industri, som kan vise til ein auke på 3,6 prosent knytt til aukande etterspørsel.
Låg bustadbygging
Produksjonen i trelast- og trevareindustrien viser ein auke på 4,7 prosent i 1. kvartal i år samanlikna med 4. kvartal i fjor. Aktiviteten er likevel klart lågare enn i tilsvarande periode i fjor grunna lågare bustadbygging. Byggjeaktiviteten knytt til nye bustader er på eit lågare nivå enn det som har vore normalt dei siste åra. Dette har truleg også fått negative konsekvensar for norsk møbelindustri.
Lågare produksjon i Nordsjøen
Olje- og gassproduksjonen hadde ein sesongjustert nedgang på 2,7 prosent frå februar til mars i år. Dersom ein ser på vekekorrigerte tal var produksjonen 6 prosent lågare i mars enn på same tid i fjor. Ein lågare oljepris gjennom 1998, vedtekne reduksjonar og tekniske problem i oljeutvinninga har virka inn på dette. Elles har og leiteaktiviteten etter olje i Nordsjøen i 1. kvartal vore klart mindre enn i tilsvarande periode i fjor.
Ny statistikk
Produksjonsindeks for industrien, mars 1999.
Statistikken kjem ut kvar
månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Oyvind.Naustdal@ssb.no, tlf. 21 09
47 35, eller Tom.Langer.Andersen@ssb.no, tlf. 21 09 47 29.
Ukens statistikk nr. 19, 1999 [an error occurred while processing this directive]