[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 21, 1999

Husdyrhald, per 31. desember 1998. Førebelse tal:

Færre husdyrbrukarar - stabilt husdyrtal


Det blir stadig færre husdyrbrukarar i Noreg. Per 31. desember 1998 søkte 50 400 husdyrbrukarar om produksjonstilskott. Dette er ein nedgang på 1 200 frå året før, og 10 300 færre enn for ti år sidan.

Det er nedgang i talet på bruk med mjølkeku, sau, geit, svin og høner. Talet på bruk med ammeku og slaktekyllingar aukar, men relativt få bruk driv med desse husdyrproduksjonane. 4 800 bruk hadde ammeku og 600 bruk hadde slaktekyllingar i 1998. Det var til samanlikning mjølkeku på 23 400 bruk, sau på 22 200 bruk og svin på 5 800 bruk.

Stabile tal for storfe og sau

Talet på storfe og sau viser liten endring samanlikna med året før. Det blei søkt om produksjonstilskott for 1 042 000 storfe per 31. desember 1998, 0,6 prosent auke frå året før. Av desse var 321 400 mjølkekyr og 29 800 ammekyr. Av det totale kutalet utgjorde ammekyrne 8,4 prosent. Eit gjennomsnittleg mjølkeproduksjonsbruk hadde 14 kyr på båsen i 1998, to kyr meir enn for ti år sidan.

Talet på vinterfôra sauer auka med 2 prosent frå året før til 1,1 millionar sauer. Det blir stadig færre små buskapar, medan talet på store buskapar aukar. I gjennomsnitt har kvart bruk med sau 50 vinterfôra sauer, 16 fleire enn for ti år sidan.

Talet på slaktedyr aukar

Talet på slaktesvin til oppfôring i perioden 1. august til 31.desember 1998 var 634 700, ein auke på 6,7 prosent i høve til same periode året før. Talet på slaktekyllingar til oppfôring i denne perioden auka med knapt 10 prosent frå året før til 11,0 millionar kyllingar. Ved sida av vanlege slaktekyllingar er også talet på kyllingar av kalkunar, ender og gjæser medrekna.

Mest geiter i Troms

Talet på mjølkegeiter var 53 500 per 31. desember 1998, ein nedgang på 18 prosent på ti år. I løpet av desse åra har talet på bruk med mjølkegeit gått ned 30 prosent til 770 bruk i 1998. Halvparten av alle mjølkegeitene finst i Troms og Sogn og Fjordane, 17 200 mjølkegeiter i Troms og 9 200 mjølkegeiter i Sogn og Fjordane.

Rogaland er framleis det fylket som har flest husdyrbrukarar med 5 699, og dette fylket har også flest kyr, sauer, svin og høner. Østfold har flest slaktekyllingar av fylka.

Om statistikken

Statistikken er basert på oppgåver gitt i samband med søknad om produksjonstilskott i jordbruket per 31. desember 1998. Registeret over produksjonstilskott blir administrert av Statens Kornforretning.

Ny statistikk
Husdyrhald, per 31. desember 1998. Førebelse tal.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Regionalstatistikk. Meir informasjon: Ragnhild.Langbakk@ssb.no, tlf. 62 88 51 86, eller Berit.Bjorlo@ssb.no, tlf. 62 88 55 07.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 21, 1999 [an error occurred while processing this directive]