Uvanleg få tapte arbeidsdagar i 2018
Publisert:
I 2018 gjekk 24 142 arbeidsdagar tapt i totalt 11 arbeidskonfliktar. Samanlikna med tidlegare år med hovudoppgjer er dette talet på tapte arbeidsdagar svært lavt.
- Tala er henta frå
- Fagforeiningsmedlemmer og streikar
- Artikkelen er del av serien
- Fagforeiningsmedlemmer og streikar (arkiv)
Som følgje av dei 11 arbeidskonfliktane i 2018 gjekk 24 142 arbeidsdagar tapt, viser statistikken Fagforeiningsmedlemmer og streikar. Konfliktane involverte til saman 3 502 arbeidstakarar. Heile 1 807 av desse var tilsett innanfor informasjon og kommunikasjon, noko som medførte et tap på 12 021 arbeidsdagar i den næringa, eller nærmare halvparten av alle dei tapte arbeidsdagane i 2018. Ved førre hovudoppgjer i 2016 gjekk 165 798 arbeidsdagar tapt i 14 arbeidskonfliktar. Her var 8 858 arbeidstakarar involvert.
Normalt er det flest arbeidskonfliktar i år med hovudoppgjer. Gjennomsnittleg tal på tapte arbeidsdagar for de ni hovudoppgjera i perioden frå 2000 til 2016 var om lag 241 000, mens det gjennomsnittlege talet på arbeidstakarar involvert var i overkant av 31 000. Samtidig var det i gjennomsnitt 14 arbeidskonfliktar. Altså er det et relativt lavt tal på arbeidstakarar i arbeidskonflikt og tapte arbeidsdagar, og ikkje talet på konfliktar i seg sjølv, som gjer 2018 til et noko uvanleg år i denne samanheng.
Figur 1. Arbeidstakarar i arbeidskonflikt og tapte arbeidsdagar. År med hovudoppgjer
Arbeidstakarar involvert | Tapte arbeidsdagar | |
2000 | 93889 | 496568 |
2002 | 9865 | 150775 |
2004 | 9873 | 141179 |
2006 | 29109 | 146758 |
2008 | 12963 | 62568 |
2010 | 66938 | 500009 |
2012 | 41820 | 360643 |
2014 | 8983 | 148009 |
2016 | 8858 | 165798 |
2018 | 3502 | 24142 |
For dei arbeidstakarane som var i arbeidskonflikt i 2018 var gjennomsnittleg tal på tapte arbeidsdagar per arbeidstakar i underkant av sju. Tilsvarande tal for hovudoppgjera i perioden 2000-2016 samla sett var litt under 11.
Medlemsauke i hovudsamanslutningane for arbeidstakarar
LO, YS, UNIO og Akademikerne opplevde alle medlemsauke i 2018. Det var også ein auke i talet på yrkesaktive medlemmer for alle desse. LO hadde den største medlemsveksten i absolutte tal med i overkant av 11 100 nye medlemmer, mens Akademikerne hadde den sterkaste prosentvise veksten med ein auke i medlemsmassen på 2,7 prosent.
Figur 2. Medlemmer i hovudsamanslutningane for arbeidstakarar
LO | YS | UNIO | Akademikerne | |
2005 | 822629 | 201713 | 244253 | 142937 |
2006 | 834221 | 206361 | 267748 | 131005 |
2007 | 844438 | 209334 | 274175 | 137250 |
2008 | 865392 | 216104 | 280976 | 143848 |
2009 | 865573 | 217600 | 288044 | 148189 |
2010 | 871360 | 217457 | 295621 | 154313 |
2011 | 880938 | 222114 | 300486 | 162562 |
2012 | 895257 | 226624 | 311091 | 170387 |
2013 | 897740 | 221578 | 322058 | 177948 |
2014 | 909552 | 222038 | 331824 | 186753 |
2015 | 913732 | 215878 | 339812 | 193536 |
2016 | 917122 | 215591 | 349219 | 199174 |
2017 | 925605 | 217724 | 359054 | 203102 |
2018 | 936711 | 222392 | 367978 | 208597 |
Faktaside
Kontakt
-
Magnus Berglund Johnsen
-
Erik Herstad Horgen
-
SSBs informasjonstjeneste