944_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/aki/arkiv
944
1,2 prosent auke i industri
statistikk
2009-09-04T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
aki, Arbeidskraftkostnadsindeks, arbeidskraftkostnader, indeks, næringshovudområde (for eksempel industri, bygg og anlegg, olje), næringar, heltidstilsette, deltidstilsetteLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftkostnadsindeks2. kvartal 2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

1,2 prosent auke i industri

Indeksen for totale arbeidskraftkostnader i industrien auka med 1,2 prosent frå 1. kvartal til 2. kvartal 2009. Tilsvarande vekst i fjor var på 0,7 prosent.

I byggje- og anleggsverksemd gjekk totalindeksen opp 2,2 prosent i 2. kvartal i år, mot ein auke på 2,0 prosent i 2. kvartal i fjor.

For tal for fleire næringar, sjå vedleggstabellar og Statistikkbanken .

Om statistikkgrunnlaget

Arbeidskraftkostnadsindeksane måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftskostnader per betalte time. Både heiltids- og deltidstilsette inngår i statistikken.

I arbeidskraftskostnader inngår mellom anna utbetalt lønn, uregelrette tillegg, bonusar, overtidsgodtgjersle og andre kontantytingar, naturalytingar, sosiale utgifter, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnader. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidstimar.

Indeksane vert utarbeidde med grunnlag i arbeidskraftkostnadsundersøkinga, årleg og kvartalsvis lønnsstatistikk og opplysningar frå Skattedirektoratets lønns- og trekkoppgåveregister.

Alle indeksane følgjer ny Standard for næringsguppering, SN2007. For åra før 2009 er indeksane berekna på nytt, basert på SN2007. Indeksar etter tidlegare Standard for næringsgruppering (SN2002) vil ikkje bli publisert vidare frå og med 2009, men er lagra i Statistikkbanken. Meir informasjon om overgang til ny standard finn du her.

Tabeller: