254385_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/aar-forelopige
254385
547 000 sysselsette i kommunar og fylkeskommunar
statistikk
2016-03-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)KOSTRA, Offentlig forvaltning , Sysselsetting, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
true
Statistikken viser ansatte i kommuner og fylkeskommuner. I 4. kvartal 2015 var det ansatt 490 000 personer i norske kommuner og 49 000 personer i fylkeskommunene.

Sysselsette i kommunal sektor2015, førebelse tal, 4. kvartal

Innhald

Publisert:

547 000 sysselsette i kommunar og fylkeskommunar

Førebelse tal viser at kommunane sysselsette 498 000 og fylkeskommunane 49 000 personar i 4.kvartal 2015. Nytt datagrunnlag for registerbasert sysselsettingsstatistikk gjev eit brot i tidsserien samanlikna med tidligare år.

Sysselsette og årsverk i kommunane og fylkeskommunane. Heile landet1
20142015Endring i absolutte tallEndring i prosent
2014 - 20152014 - 2015
1Oslo er inkludert i tala for fylkeskommunane berre for vidaregåande opplæring og tannhelseteneste.
2Tala for tannhelsetenesta i Finnmark var ikkje komplette i 4.kvartal 2014
Kommunar
Sysselsette470 310497 98427 6745,9
Avtalte årsverk363 055,4......
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere328 274,2......
 
Fylkeskommunar2
Sysselsette47 86449 4101 5463,2
Avtalte årsverk41 743,2......
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere38 878,9......

Samanlikna med 4.kvartal 2014 syner talet på sysselsette personar ein auke på nær 27 700, om lag 5,9 prosent. Største delen av veksten skuldast endra datagrunnlag som gjer at ein får med langt fleire kortvarige tilsettingsforhold enn tidlegare. Tal frå kvartalsvis nasjonalrekneskap viser ein samla vekst i talet på sysselsette i kommunal og fylkeskommunal forvalting på 1,7 prosent frå 4.kvartal 2014 til 4.kvartal 2015.

Det gamle og nye datagrunnlaget for registerbasert sysselsettingsstatistikk viser berre små endringar i fordelinga av sysselsette mellom dei ulike kommunale tenesteområda. Størst utslag får ein av nytt datagrunnlag i pleie og omsorgstenestene, som er eit område der ein tradisjonelt har mange små jobbar. Det nye datagrunnlaget gjev i tillegg til brotet tidsserien og problem med å lage tal for årsverk (sjå boks).

Nivåtalet på sysselsette personar i kommunal og fylkeskommunal forvaltning låg i 4.kvartal 2015 rundt 21 000 høgare i den registerbaserte sysselsettingsstatistikken (RS) jamført med kvartalsvis nasjonalrekneskap (KNR). Årsaken er i hovudsak at i KNR tel ein person berre med hovudjobben. I registerstatistikken reknar ein og med bistillingar i kommunal eller fylkeskommunal forvaltning. Når KNR gjev tall for utførte timer og normalårsverk inkluderer ein og slikt bistillingar.

 

Nytt datagrunnlagÅpne og lesLukk

Registerbasert sysselsettingsstatistikk bygde fram til 2015 på ulike offentlige registre, der NAV sitt Aa-register var det viktigaste. Frå og med 2015 vart rapportering frå arbeidsgjevarane til Aa-registeret og nokre rapporteringar til Skatteetaten og SSB samla i ei ny felles rapporteringsløysing kalla A-ordninga. Etter handsaming av data i SSB vurderer ein at kvaliteten på data om sysselsette personar er betre enn tidlegare. Dette har gitt eit noko høgare nivå på sysselsette enn før og gjev eit brot i tidsserien. Auken på nær 6 prosent som tala viser frå 4.kvartal 2014 til 4.kvartal 2015 skuldast difor i all hovudsak brotet i tidsserien.

ÅrsverkÅpne og lesLukk

SSB har førebels ikkje berekna tal for årsverk på det nye datagrunnlaget. Kvaliteten på rapporteringa frå ein del private og offentlege arbeidsgjevarar har til no skapt problem for slike berekningar. Arbeid med å betre kvaliteten på rapporteringa og utvikling av betre metodar for å justere for feil i data, gjer at SSB siktar mot å få fram tal for årsverk til publiseringa 15.juni.