254446_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/aar
254446
Kommunane har flest årsverk i helse- og sosialtenester
statistikk
2016-06-15T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)KOSTRA, Offentlig forvaltning , Sysselsetting, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
false
Statistikken viser sysselsetting i kommuner og fylker målt ved bl.a. antall ansatte og årsverk. 4 av 10 kommunale årsverk var i helse- og sosialtjenester i 2015.

Sysselsette i kommunal sektor2015, 4. kvartal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kommunane har flest årsverk i helse- og sosialtenester

Over 43 prosent av årsverka i kommunal sektor blei brukte til helse- og sosialtenester i 4. kvartal 2015, etterfølgt av grunnskule med 27 prosent.

Sysselsette i kommunane og fylkeskommunane. Heile landet1
2015
1Frå 2015 byggjer statistikken på nye datakjelder. Dette gjev endring i tidsserien. Sjå nærare omtale i artikkelen knytt til 2015 tala.
2Oslo er inkludert i tala for fylkeskommunane berre for vidaregåande opplæring og tannhelseteneste.
Kommunar
Sysselsette497 656
Avtalte årsverk371 236
 
Fylkeskommunar2
Sysselsette49 013
Avtalte årsverk42 724

Kommunar og fylkeskommunar sysselsette om lag 547 000 personar i 4. kvartal 2015. Dette utgjer 414 000 årsverk. Ni av ti av desse årsverka blei utførte i kommunane.

I heile landet blei det utført 135 000 årsverk i pleie og omsorg i 2015. Av dette blei 97 000 årsverk, eller 71 prosent, utførte av personell med helse- og sosialfagleg utdanning. Personell utan godkjend utdanning stod for 39 000 årsverk, som utgjorde 29 prosent .

I pleie- og omsorgstenester blei 92 prosent av dei avtalte årsverka utførte i kommunale verksemder, medan 8 prosent blei utførte i private verksemder. Dette er private verksemder som til dømes driv sjukeheimar for kommunane.

Fylkeskommunane har flest årsverk i vidaregåande opplæring

Fylkeskommunane sysselsette 49 000 personar, svarande til 43 000 årsverk i 2015. 80 prosent av dei avtalte årsverka i fylkeskommunane er i tilknyting til vidaregåande opplæring, medan omlag 12 prosent er knytte til administrasjon. I tala for fylkeskommunane er Oslo med under tenester innanfor vidaregåande opplæring. Oslo er elles berre med i kommunetala. Tannhelsetenesta i einskilde fylke er organisert som eigne føretak og er difor ikkje med i tala for fylkeskommunane, men desse føretaka er rekna med når ein lagar tal for kommunar og fylke som konsern.

10 000 årsverk i interkommunale selskap og kommunale føretak

På visse tenesteområde organiserer kommunane verksemda si i interkommunale selskap eller i kommunale føretak. Årsverk knytte til desse er ikkje med i tala som er presenterte ovanfor. I 2015 blei om lag 10 000 årsverk utførte i slike interkommunale selskap eller kommunale føretak. Desse selskapa er mest vanlege innanfor områda vatn, avlaup og renovasjon i tillegg til i brann- og ulykkesvern.

 

Nytt datagrunnlag gir betre talÅpne og lesLukk

Hovedkjelda til informasjon om lønstakarforhold i statistikken for sysselsette i kommunal sektor er registerbasert sysselsettingsstatistikk. Denne statistikken er frå og med 2015 basert på eit nytt datagrunnlag for lønstakarar. Hovedkjelda til og med 2014 var NAVs Arbeidstakerregister (Aa-registeret). I 2015 blei rapporteringa til NAV til dette registeret samordna med rapporteringa av løns- og personelldata til Skatteetaten og SSB. Det felles rapporteringssystemet blei kalla a-ordninga. A-ordninga gir generelt eit betre datagrunnlag ved at det er meir korrekt på individnivå samt at det dekkjer fleire lønnstakarforhold enn Aa-registeret.

Endring i tidsserien gir utslag for småjobbarÅpne og lesLukk

Etter overgangen til det nye datagrunnlaget frå 2014 til 2015 får vi meir presise tal om sysselsette. Det samla talet på sysselsette, som inkluderer alle sektorar, er 60 000 lågare i det nye datagrunnlaget enn i det gamle opplegget basert på landstalet for sysselsette i Arbeidskraftsundersjøkinga (AKU). I forhold til det totale talet på sysselsette er forskjellen liten, 2,4 prosent, men det gjer at registertal for talet på sysselsette i 4. kvartal 2014 jamført med 4. kvartal 2015 ikkje utrykker faktisk endring. I tillegg gir det nye datagrunnlaget meir presise tal om små jobbar, som gir utslag i pleie og omsorgstenestene - eit område der ein tradisjonelt har mange små jobbar. Endringar i tidsserien er nærmare omtalt i artikkelen «Nærmere om forholdet mellom gammel og ny statistikk».