Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre ledige stillingar
Det var 72 000 ledige stillingar i 2. kvartal 2012. Det er ein nedgang på 6 500 frå same kvartalet i fjor.
For første gong sidan oppstarten i 2010 viser undersøkinga at det har vore ein nedgang i talet på ledige stillingar når ein samanliknar med det same kvartalet året før. Prosentdelen ledige stillingar var 2,9 prosent i 2. kvartal 2012. Dette er 0,3 prosentpoeng lågare enn i same kvartalet året før. Både i 2010 og 2011 har 2. kvartal vore toppunktet når det gjeld talet på ledige stillingar. Dette kan mellom anna henge saman med at mange næringar treng ferievikarar om sommaren.
Nedgang i pleie- og omsorgstenester, auke i undervisning
Det var ein nedgang på 2 400 ledige stillingar i pleie- og omsorgstenester frå 2. kvartal 2011 til same kvartalet 2012. Trass nedgangen er denne næringa framleis blant dei med høgast prosentdel ledige stillingar. Også i overnattings- og serveringsverksemd, varehandel samt byggje- og anleggsverksemd var det nedgang i talet på ledige stillingar i dette tidsrommet. Nedgangen i desse næringane var på høvesvis 1 500, 1 400 og 1 200. Undervisning og utvinning av olje og gass hadde ein auke på høvesvis 1 700 og 500 ledige stillingar i same perioden. I begge desse næringane var det også ein auke i 1. kvartal 2012 samanlikna med same kvartalet året før.
Flest ledige stillingar i forretningsmessig tenesteyting
Trass i ein liten nedgang var det flest ledige stillingar i forretningsmessig tenesteyting i 2. kvartal 2012, både når ein ser på absolutte og relative tal. Dei 9 900 ledige stillingane i denne næringa svarer til 6,9 prosent av alle stillingane i næringa. Både undervisning og varehandel hadde 6 900 ledige stillingar i 2. kvartal, noko som svarer til høvesvis 3,2 og 1,9 prosent ledige stillingar. I pleie- og omsorgstenester svarer dei 6 000 ledige stillingane til 4,2 prosent.
Framleis høg prosentdel ledige stillingar i Tyskland
I 1. kvartal 2012 var prosentdelen ledige stillingar i Tyskland 2,6 prosent. Tyskland er blant landa med høgast prosentdel ledige stillingar i EU, ein posisjon landet har hatt i dei siste par åra. Til samanlikning var prosentdelen ledige stillingar i EU sett under eitt 1,5 prosent i same kvartalet, og i Noreg 2,8 prosent. I Sverige var prosentdelen ledige stillingar 1,8 prosent på same tidspunkt. Nyare tal er førebels ikkje publiserte for alle landa, samanlikninga mellom landa er derfor gjort for 1. kvartal 2012.
Om samanlikningaI denne internasjonale samanlikninga er primærnæringane haldne utanfor. For meir informasjon sjå heimesidene til Eurostat . |
Ledig stilling - definisjonStillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar (internt i føretaket, verksemda eller konsernet), blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir telt med sjølv om ho på referansetidspunktet er oppteken av ein mellombels vikar eller av den personen som skal slutte. Prosent ledige stillingar - definisjonTalet på ledige stillingar i prosent av talet på arbeidstakarforhold + talet på ledige stillingar. |
Forholdet til NAV-statistikken om ledige stillingarNAV publiserer kvar månad statistikk over tilgang av ledige stillingar fordelt på yrke . NAV sine tal for behaldning av ledige stillingar utgjer mellom 30 og 40 prosent av tala på ledige stillingar som statistikken frå SSB viser. Hovudårsaka er at NAV i sine tal ikkje får med ledige stillingar som berre er lyste ut gjennom uformelle kanalar og på ein del nettsider (inkludert heimesider til bedriftene). I tillegg er det visse forskjellar i målinga/definisjonar som trekkjer den same vegen. Dei to statistikkjeldene supplerer til ein viss grad kvarandre ved at tala frå NAV gir fordeling av ledige stillingar etter yrke, medan statistikken frå SSB gir fordeling etter næring. Vidare gir NAV tal for kvar månad, medan SSB berre dekkjer ein månad i kvart kvartal. Dessutan er SSB-tala baserte på ei utvalsundersøking, medan tala frå NAV er ei totalteljing av den populasjonen dei dekkjer. |
Tabeller:
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Rakel Gading
E-post: rakel.gading@ssb.no
tlf.: 40 81 14 75
-
Jan Sebastian Rothe
E-post: jan.rothe@ssb.no
tlf.: 91 31 99 06