Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i talet på ledige stillingar
Det var 78 500 ledige stillingar i 2. kvartal 2011. Det er ein auke på 10 500 frå same kvartal i fjor. Det meste av veksten kom i privat sektor.
Auken i talet på ledige stillingar var størst i forretningsmessig tenestyting, med 3 200. Næringa overnatting og serveringsverksemd og næringa varehandel økte begge med 1 600. Endringane var meir varierte i næringar dominerte av det offentlege. I offentleg administrasjon og i undervisning var det ein nedgang i talet på ledige stillingar på høvesvis 800 og 900, mens det i helse- og sosialtenester var ein auke på 2 000.
Flest i forretningsmessig tenesteyting
Når ein ser på nivåtala, hadde forretningsmessig tenesteyting flest ledige stillingar i 2. kvartal 2011, med 10 700. Deretter følgde pleie- og omsorgstenester i institusjon med 8 400, og varehandel med 8 300 ledige stillingar. Dei næringane som har mange sysselsette, har som oftast også mange ledige stillingar sidan mange her skal erstattast ved naturleg avgang og skifte av jobb. Men talet på ledige stillingar blir sjølvsagt også påverka av om næringa er inne i ei nedgangs- eller oppgangstid. For 2. kvartal kjem i tillegg det inn at nokre næringar treng mange ferievikarar.
Ledig stilling - definisjonStillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar (internt i føretaket, verksemda eller konsernet) blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om ho på referansetidspunktet er oppteken av ein mellombels vikar eller av den personen som skal slutte. Prosent ledige stillingar - definisjonTalet på ledige stillingar i prosent av talet på arbeidstakarforhold + talet på ledige stillingar. |
Prosentdelen ledige stillingar auka til 3,2
For alle næringar samla auka prosentdelen ledige stillingar med 0,4 prosentpoeng, til 3,2 prosent frå 2. kvartal 2010 til 2. kvartal 2011. Delen ledige stillingar i forretningsmessig tenesteyting var 7,8 prosent, noko som var ein auke på 2,2 prosentpoeng frå året før. Andre næringar med høg prosent ledige stillingar var pleie- og omsorgsverksemd i institusjon med 6,0 prosent, og overnattings- og serveringsverksemd med 4,9 prosent. Teknisk tenesteyting og informasjon og kommunikasjon hadde begge 4,0 prosent ledige stillingar. Både i primærnæringane og i transport og lagring var prosenten ledige stillingar låg, høvesvis 1,7 og 1,5 prosent. I begge desse næringane har prosentdelen vore låg i alle dei seks kvartala Statistisk sentralbyrå (SSB) har publisert statistikk over ledige stillingar.
Noreg hadde den høgste prosentdelen ledige stillingar i Europa
Blant landa i EU/EØS-området var det Noreg som hadde den høgste prosentdelen ledige stillingar, med 2,8 prosent i 1. kvartal 2011. Samanlikninga med andre land er gjort for 1. kvartal 2011 sidan nyare tal ikkje er gjort offentlege for alle landa enno.
Det var Tyskland og Finland som hadde den nest høgste prosentdelen ledige stillingar dette kvartalet, begge med 2,7 prosent. I Sverige var prosenten 1,6. I denne internasjonale samanlikninga er primærnæringane haldne utanfor. For meir informasjon , sjå Eurostat sine heimesider .
Forholdet til NAV sin statistikk om ledige stillingarNAV publiserer kvar månad statistikk over tilgang og behaldning av ledige stillingar fordelt på yrke . NAV sine tal for ledige stillingar utgjer rundt 40 prosent av tala på ledige stillingar som SSB sin statistikk viser. Hovudårsaka er at NAV i sine tal ikkje får med ledige stillingar som berre er utlyst gjennom uformelle kanalar og på ein del nettsider (inkludert bedriftenes egne heimesider). I tillegg er det visse forskjellar i målinga/definisjonar som trekkjer same veg. Dei to statistikkjelda supplerer til ein viss grad kvarandre ved at NAV sine tal gir fordeling av ledige stillingar etter yrke, medan SSB sin statistikk gir fordeling etter næring. Vidare gir NAV tal kvar månad, medan SSB berre dekkjer ein månad i kvart kvartal. Dessutan er SSB sine tal baserte på ei utvalsundersøking, medan NAV sine tal er ein totalteljing av den populasjonen dei dekkjer. |
Tabeller:
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Rakel Gading
E-post: rakel.gading@ssb.no
tlf.: 40 81 14 75
-
Jan Sebastian Rothe
E-post: jan.rothe@ssb.no
tlf.: 91 31 99 06