53991_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
53991
Moderat auke i talet på ledige stillingar
statistikk
2011-11-16T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Ledige stillingar3. kvartal 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Moderat auke i talet på ledige stillingar

Det var 68 000 ledige stillingar i 3. kvartal 2011. Det er ein auke på 4 100 frå same kvartal i fjor.

Ledige stillingar i utvalte land i prosent av talet på stillingar (ledige stillingar + arbeidstakarforhold). Alle næringar bortsett frå primærnæringane. 1. kvartal 2010-2. kvartal 2011

Auken i ledige stillingar frå 3. kvartal i fjor til 3. kvartal i år var lågare samanlikna med oppgangen på 10 500 frå 2. kvartal 2010 til 2. kvartal 2011. Det meste av veksten kom i privat sektor.

Framleis størst auke i forretningsmessig tenesteyting

Auken i talet på ledige stillingar var også dette kvartalet størst i forretningsmessig tenestyting, med 2 300. Næringane informasjon og kommunikasjon og bergverksdrift og utvinning auka begge med 600, medan byggje- og anleggsverksemd hadde ein nedgang på 1 400 ledige stillingar. Når det gjeld næringar dominert av det offentlege, var det ein auke i talet på ledige stillingar i undervisning på 300, mens det i helse- og sosialtenester var ein nedgang på 200.

Flest i varehandel

Når ein ser på nivåtala, hadde varehandel flest ledige stillingar i 3. kvartal 2011, med 9 700. Deretter følgde forretningsmessig tenesteyting med 9 300, og pleie- og omsorgstenester i institusjon med 8 400 ledige stillingar. Dei næringane som har mange sysselsette, har som oftast også mange ledige stillingar sidan mange her skal erstattast ved naturleg avgang og skifte av jobb. Men talet på ledige stillingar blir sjølvsagt også påverka av om næringa er inne i ei nedgangs- eller oppgangstid.

Ledig stilling - definisjon

Stillinga må vere utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar (internt i føretaket, verksemda eller konsernet) reknast ikkje som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir telt med sjølv om ho på referansetidspunktet er besett av ein mellombels vikar eller av den personen som skal slutte.

Prosent ledige stillingar - definisjon

Talet på ledige stillingar i prosent av talet på arbeidstakarforhold + talet på ledige stillingar.

Prosentdelen ledige stillingar auka svakt til 2,7

For alle næringar samla auka prosentdelen ledige stillingar med 0,1 prosentpoeng, til 2,7 prosent frå 3. kvartal 2010 til 3. kvartal 2011. Innslaget av ledige stillingar i forretningsmessig tenesteyting var 6,6 prosent, ein auke på 1,4 prosentpoeng frå året før. Andre næringar med høg prosent ledige stillingar var pleie- og omsorgsverksemd i institusjon med 5,6 prosent, og teknisk tenesteyting med 3,8 prosent. Informasjon og kommunikasjon hadde 3,4 prosent, og bergverksdrift og utvinning hadde 3,2 prosent ledige stillingar. I undervisning var delen ledige stillingar relativt låg, på 1,3 prosent. Dette kjem truleg av at undervisningssektoren lyser ut dei fleste stillingane i 2. kvartal.

Noreg hadde den høgste prosentdelen ledige stillingar i Europa

Blant landa i EU/EØS-området var det Noreg som hadde den høgste prosentdelen ledige stillingar, med 3,2 prosent i 2. kvartal 2011. Samanlikninga med andre land er gjort for 2. kvartal 2011, sidan nyare tal ikkje er gjort offentlege for alle landa enno.

Det var Tyskland som hadde den nest høgste prosentdelen ledige stillingar dette kvartalet med 2,5 prosent. I Sverige var prosenten 1,8, og i EU sett under eitt var prosenten 1,5. I denne internasjonale samanlikninga er primærnæringane haldne utanfor. For meir informasjon , sjå Eurostat sine heimesider .

Forholdet til NAV sin statistikk om ledige stillingar

NAV publiserer kvar månad statistikk over tilgang og behaldning av ledige stillingar fordelt på yrke .

NAV sine tal for behaldning av ledige stillingar utgjer rundt 40 prosent av tala på ledige stillingar som SSB sin statistikk viser. Hovudårsaka er at NAV i sine tal ikkje får med ledige stillingar som berre er lyste ut gjennom uformelle kanalar og på ein del nettsider (inkludert heimesider til bedriftene). I tillegg er det visse forskjellar i målinga/definisjonar som trekkjer same veg.

Dei to statistikkjeldene supplerer til ein viss grad kvarandre ved at NAV sine tal gir fordeling av ledige stillingar etter yrke, medan SSB sin statistikk gir fordeling etter næring. Vidare gir NAV tal kvar månad, medan SSB berre dekkjer ein månad i kvart kvartal. Dessutan er SSB sine tal baserte på ei utvalsundersøking, medan NAV sine tal er ei totalteljing av den populasjonen dei dekkjer.

Tabeller: