113082_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
113082
Færre ledige stillingar
statistikk
2013-11-13T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Ledige stillingar3. kvartal 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre ledige stillingar

Det var 59 100 ledige stillingar i 3. kvartal. Dette er ein nedgang på 1 800 frå same kvartal året før. Nedgangen kom i hovudsak innanfor forretningsmessig tenesteyting og varehandel.

Ledige stillingar
3. kvartal 2013Endring frå året før
Ledige stillingar59 100-1 800
Prosent ledige stillingar2,3-0,1

I tråd med nedgangen i talet på ledige stillingar gjekk også prosentdelen ledige stillingar ned. Prosentdelen er talet på ledige stillingar i prosent av talet på stillingar i alt, det vil seie summen av arbeidstakarforhold og ledige stillingar. I 3. kvartal 2013 utgjorde dei ledige stillingane 2,3 prosent av stillingane i alt, ned 0,1 prosentpoeng samanlikna med 3. kvartal 2012.

Nedgang i forretningsmessige tenesteyting og varehandel

I forretningsmessig tenesteyting blei det 1 400 færre ledige stillingar jamført med året før. Varehandel hadde ein nedgang på 1 200 ledige stillingar i same periode. Begge desse næringane har likevel framleis ein prosentdel ledige stillingar som er godt over gjennomsnittet for alle næringane. Næringa forretningsmessig tenesteyting har stort sett hatt den høgaste prosentdelen ledige stillingar heilt sidan 2010 då denne statistikken tok til.

Låg prosentdel ledige stillingar i undervisning

Undervisning hadde ein nedgang på 0,2 prosent ledige stillingar siste år. Denne næringa hadde saman med jordbruk, skogbruk og fiske den lågaste prosentdelen ledige stillingar dette kvartalet, på 1 prosent. For undervisning henger den låge prosentdelen ledige stillingar saman med at utlysningar berre unntaksvis finn stad på hausten rett etter skolestart.

Industrien er blant dei næringane med lågast prosentdel ledige stillingar dette kvartalet, med 1,4 prosent.

Auke i omsorgstenester

Næringane omsorgstenester med og utan butilbod hadde til saman den største auken i talet på ledige stillingar, med 2 500 fleir sidan same kvartal året før. I 3. kvartal var det 11 300 ledige stillingar innanfor desse næringane. Dette er også næringar der prosentdelen ledige stillingar ligg over gjennomsnittet for alle næringar.

Næringa informasjon og kommunikasjon hadde ein prosentdel ledige stillingar på 3,3. Dette er ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå året før.

Uendra prosentdel ledige stillingar i EU

EU hadde 1,5 prosent ledige stillingar i 2. kvartal 2013, det same som tilsvarande kvartal året før. I denne internasjonale samanlikninga nyttar vi tal frå 2. kvartal sidan tal for 3. kvartal 2013 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa.

Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EØS-området. I 2. kvartal 2013 var prosentdelen ledige stillingar 0,4 i Portugal og Polen, 1,6 i Sverige og 2,5 i Tyskland. Noreg hadde til samanlikning ein prosentdel ledige stillingar på 2,9 i dette kvartalet.

I denne internasjonale samanlikninga er primærnæringane haldne utanfor.