Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stadig færre ledige stillingar
I 4. kvartal 2013 var det 50 900 ledige stillingar, ned 6 900 frå 4. kvartal 2012. Dette er det lågaste talet på ledige stillingar som er registrert i løpet av dei fire åra denne undersøkinga har vore i gang.
4. kvartal 2013 | Endring frå året før | |
---|---|---|
Ledige stillingar | 50 900 | -6 900 |
Prosent ledige stillingar | 2,0 | -0,3 |
I tråd med nedgangen i talet på ledige stillingar gjekk prosentdelen ledige stillingar ned frå 2,3 i 4. kvartal 2012 til 2,0 i 4. kvartal 2013. Prosentdelen er talet på ledige stillingar i prosent av talet på stillingar i alt, det vil seie summen av arbeidstakarforhold og ledige stillingar.
Nedgang i forretningsmessig tenesteyting og varehandel
Mesteparten av nedgangen i ledige stillingar kom i privat sektor. I forretningsmessig tenesteyting gjekk talet på ledige stillingar ned med 2 100 frå 4. kvartal 2012 til same kvartal i 2013. Denne næringa har likevel framleis ein prosentdel ledige stillingar, 4,4 prosent i 4. kvartal 2013, som er godt over gjennomsnittet for alle næringane. Varehandel hadde også stor nedgang i talet på ledige stillingar, ned 1 500 i løpet av perioden. Men offentleg administrasjon hadde også nedgang, der gjekk talet på ledige stillingar ned med 1 200 frå 4. kvartal 2012 til 4. kvartal i 2013.
Næringa omsetning og drift av fast eigedom hadde meir enn ei halvering av prosentdelen ledige stillingar, frå 2,6 i 4. kvartal 2012 til 1,1 i same kvartal 2013. Nedgangen kan henge saman med nedkjølinga ein har sett på bustadmarknaden den siste tida. Sidan dette er ein næring med få tilsette er det som regel også få ledige stillingar, så nedgangen i talet på ledige stillingar var berre på 300.
Talet på ledige stillingar gjekk ned både i industrien og i utvinning av olje og gass mellom 4. kvartal 2012 og 4. kvartal 2013. I industrien var nedgangen på 800 ledige stillingar, eller 0,4 prosentpoeng. I utvinning av olje og gass gjekk talet på ledige stillingar ned med 700, noko som svarar til ein nedgang på 1,1 prosentpoeng.
Uendra prosentdel ledige stillingar i EU
EU hadde 1,4 prosent ledige stillingar i 3. kvartal 2013, uendra frå tilsvarande kvartal året før. I denne internasjonale gjennomgangen har vi nytta tal frå 3. kvartal sidan tal for 4. kvartal 2013 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Vidare er primærnæringane haldne utanfor.
Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EØS-området. Storbritannia hadde 2,0 prosent ledige stillingar i 3. kvartal 2013, 0,2 prosentpoeng meir enn i same kvartal 2012. I Sverige gjekk prosentdelen ledige stillingar ned med 0,1 prosentpoeng i same perioden, til 1,2 prosent i 3. kvartal 2013. I Polen var det 0,4 prosent ledige stillingar i 3. kvartal 2013 og i Belgia 2,4 prosent. Noreg hadde til samanlikning ein prosentdel ledige stillingar på 2,3 i dette kvartalet.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Rakel Gading
E-post: rakel.gading@ssb.no
tlf.: 40 81 14 75
-
Jan Sebastian Rothe
E-post: jan.rothe@ssb.no
tlf.: 91 31 99 06