Ledige stillingar3. kvartal 2014

Innhald

Om sesongjustering

Generelt om sesongjustering

For måneds- og kvartalstal er det ofte betydelege sesongvariasjonar som vanskeleggjer ei direkte tolking av utviklinga frå periode til periode. For å lette tolkinga av slike tidsseriar, blir mange tallseriar sesongjustert ved bruk av X12-ARIMA eller andre sesongjusteringsverktøy.

For meir generell informasjon om sesongjustering og omgrep knytta til det, sjå http://www.ssb.no/a/metadata/metode/sesongjustering.pdf

Kvifor blir denne statistikken sesongjustert?

Innan fleire næringar følgjer talet på ledige stillingar og talet på tilsette mønstre som blir repetert kvart år. Dette skuldast mellom anna sesongarbeidarar og utlysing av desse stillingane, samt varierande aktivitet i løpet av året. Sesongvariasjonane vanskeleggjer ei direkte samanlikning frå eit kvartal til det neste. For å justere for dette blir tidsseriane sesongjustert.  

Seriar som blir sesongjustert

Talet på ledige stillingar og talet på tilsette blir sesongjustert etter 20 næringsgrupper. Dei 20 sesongjusterte seriane blir summert opp for å få dei to sesongjusterte totalane. Talet på tilsette blir ikkje publisert, men inngår, saman med talet på ledige stillingar, i prosentdelen ledige stillingar. Prosentdelen er dermed indirekte sesongjustert. I tillegg blir det publisert sesongjusterte tal etter 10 næringsgrupper. Desse er summert opp frå dei 20 sesongjusterte seriane.

Prekorrigering

Prekorrigeringsrutinar i bruk

Prekorrigering er korrigering av rådata for kalendereffektar og ekstremverdiar før det blir gjennomført ein sesongjustering.

Det blir gjennomført ein detaljert prekorrigering av rådata. Med detaljert prekorrigering meines bruk av spesialtilpassa modellar for å prekorrigere rådata, som ikkje finnast som standard opsjonar i sesongjusteringsverktøyet.

Kalenderjustering

Det blir ikkje gjennomført nokon kalenderjustering.

Statistikken er basert på talet på ledige stillingar og talet på tilsette ved eit referansetidspunkt kvart kvartal. Kalendarjustering er då ikkje relevant.

Metode for justering for virkedagar

Det korrigerast ikkje for virkedagar.

Justering for rørlege helligdagar

Det justerast ikkje for rørlege helligdagar.

Nasjonal og EU/euroområde-kalender

Seriane har ikkje behov for kalenderjustering.

Behandling av ekstreme verdiar

Seriane kontrollerast for ekstreme verdiar, og identifiserte ekstremar blir forklart/modellert med bruk av all tilgjengeleg informasjon. Når det finnast ei klar tolking av årsaken til dei ekstreme verdiane (til dømes streik eller konsekvensar forårsaka av endringar i politikken m.m.) blir dei inkludert som regressorar i modellen.

Val av modell

For å prekorrigere er det nødvendig å velje ein ARIMA-modell, samt avgjere om data bør logtransformerast eller ikkje.

Modell veljes automatisk etter etablerte rutinar i sesongjusteringsverktøyet.

Dekomponeringsrutinar

Dekomponeringsrutinen spesifiserar korleis trend-, sesong og irregulær komponent blir dekomponert. Dei mest vanlegaste dekomponeringane er additiv, multiplikativ og log additiv.

Automatisk val av dekomponeringsrutine.

Sesongjustering

Val av sesongjusteringsmetode

X12-ARIMA

Konsistens mellom rådata og sesongjusterte tal

I enkelte seriar er det ønskelig at til dømes sum (gjennomsnitt) kvartalsvise sesongjusterte tal for et år skal være identisk med sum (gjennomsnitt) kvartalsvise tal i den opprinnelege råserien.

Ingen konsistensbetingelsar påleggjast.

Konsistens mellom aggregat/definisjonar for sesongjusterte tal

I enkelte seriar påleggjast det konsistens mellom sesongjusterte totalar og underaggregatar. I tillegg er det for enkelte tidsseriar eit forhold mellom de ulike seriane, til dømes bruttoprodukt som er lik produksjon minus produktinnsats.

Ingen konsistensbetingelsar påleggjast.

Direkte eller indirekte metode

Ein direkte metode er brukt dersom tidsseriar for ein total og tilhøyrande underaggregatar alle er sesongjustert kvar for seg. Ein indirekte metode er brukt for totalen dersom tidsseriar for dei tilhøyrande underaggregatar er sesongjustert direkte og det deretter er foretatt ein aggregering til totalnivå.

Indirekte metode brukast, der komponentane sesongjusterast direkte med same tilnærming og programvare. Totalane blir berekna ved å aggregere dei sesongjusterte komponentane.

Tidshorisont for estimering av modell og beregning av korrigeringsfaktorar

Når sesongjusteringa skal gjennomførast er det mogleg å velje kva for ein periode som skal brukast i estimeringa og berekninga av korrigeringsfaktorane. Med korrigeringsfaktorar meines faktorar for å prekorrigere og sesongjustere tidsserien.

Heile tidsserien blir brukt for å berekne modell og korrigeringsfaktorar.

 

Revisjonsrutiner

Revisjonsrutinar i bruk

Sesongjusteringa kan bli endra ved at det kommer til nye observasjonar eller ved at rådata blir endra. Dette blir kalla revisjon, og det finnast fleire måtar å handtere revisjonen på i offentleggjeringa av statistikken.

Sesongjusterte data blir revidert i overensstemmelse med veldefinerte og offentleg tilgjengelege revisjonsrutinar og frigjevingskalender.

Laupande eller faste val i sesongjusteringa

Delvis laupande korrigering, der modellane og sesongfiltre kun identifiserast årleg, mens alle koeffisientar og sesongfaktorar estimerast laupanda kvar gong nye eller reviderte rådata er tilgjengelege.

Tidshorisont for publisering av reviderte tal

Heile serien blir revidert når sesongfaktorane reestimerast.

Kvalitet på sesongjustering

Evaluering av sesongjusterte tal

Det gjennomførast både grafiske og empiriske detaljerte analysar av parametrane og kriteriane som er spesifikt etablert for å evaluere eigenskapane til sesongjusterte tal.

Kvalitetsindikatorar

Det tas omsyn til all mogleg diagnostikk og grafiske moglegheitar som sesongjusteringsverktøyet produserar med omsyn til å etablere optimale sesongjusteringsrutinar (kun aktuelt for enkelte seriar).

Tabellen nedenfor viser enkelte indikatorar på kvalitet på sesongjusterte tal:

Kvalitetsindikatorer

Forklaringa på indikatorane i tabellen kan finnast her:SSBs Metadata - Statistiske metodar – Sesongjustering

Spesielle tilfeller

Sesongjustering av korte tidsseriar

Alle seriane er lange nok for å gjennomføre sesongkorrigeringsrutinar på ein optimal måte.

Behandling av vanskelege tidsseriar

Problematiske seriar blir behandla på ein spesiell måte kun når dei er relevante. Øvrige seriar blir behandla i følgje vanlege rutinar.

Publiseringsrutiner

Tilgjengelegheit

Både rådata og sesongjusterte seriar er tilgjengelege.

Formidling

For kvar serie formidlast enkelte indikatorar som viser kvaliteten på sesongjusteringsrutinar.