Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre ledige stillingar
I 3. kvartal 2014 var det 54 700 ledige stillingar, 4 400 færre enn i 3. kvartal 2013. Dette svarer til ein nedgang på 7 prosent.
3. kvartal 2014 | Endring frå året før | |
---|---|---|
Ledige stillingar | 54 700 | -4 400 |
Prosent ledige stillingar | 2,1 | -0,2 |
I tråd med nedgangen i talet på ledige stillingar gjekk prosentdelen ledige stillingar ned frå 2,3 i 3. kvartal 2013 til 2,1 i 3. kvartal 2014. Prosentdelen er talet på ledige stillingar i prosent av talet på stillingar i alt, det vil seie summen av arbeidstakarforhold og ledige stillingar.
Nedgang i bergverksdrift og utvinning
Mesteparten av nedgangen i ledige stillingar kom i privat sektor. Sterkast nedgang var det i bergsverksdrift og utvinning, ei næring som er dominert av olje- og gassverksemd. Her gjekk talet på ledige stillingar ned med 600 frå 3. kvartal 2013 til same kvartal i 2014. Dette utgjer ein nedgang på 35 prosent. Næringa transport og lagring hadde på same måten som fagleg, teknisk og vitskapeleg tenesteyting ein nedgang på 900. Varehandel var den næringa innanfor privat sektor som hadde flest ledige stillingar i 3. kvartal 2014, med 5 200. Dette er ein nedgang på 500 frå 3. kvartal året før. Informasjon og kommunikasjon hadde 2 300 ledige stillingar, ein nedgang på 500 frå same kvartal året før.
Mens det var ein nedgang i dei fleste næringane som er dominert av privat sektor, var det ein oppgang i dei fleste næringane som er dominerte av offentleg sektor. Til dømes var det i næringa pleie- og omsorgstenester i institusjon 7 900 ledige stillingar i 3. kvartal 2014. Dette er 200 fleire enn i 3. kvartal 2013. Innanfor helsetenester var det 4 700 ledige stillingar i 3. kvartal 2014, ein auke på 500 frå same periode året før. Undervisning hadde ein auke på 700 i løpet av denne perioden, til 2 900 ledige stillingar i 3. kvartal 2014.
Fleire ledige stillingar i EU
EU hadde 1,6 prosent ledige stillingar i 2. kvartal 2014, opp 0,1 prosentpoeng frå same kvartal året før. I denne internasjonale gjennomgangen har vi nytta tal frå 2. kvartal sidan tal for 3. kvartal 2014 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Vidare er primærnæringane haldne utanfor.
Tyskland hadde den høgaste prosentdelen ledige stillingar med 2,8 prosent i 2. kvartal 2014, opp frå 2,5 prosent i 2. kvartal 2013. Storbritannia hadde 2,3 prosent ledige stillingar i 2. kvartal 2014, 0,4 prosentpoeng meir enn i same kvartal i 2013. I Sverige gjekk prosentdelen ledige stillingar opp frå 1,6 prosent i 2. kvartal 2013 til 1,8 prosent i same kvartal i 2014. Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EØS-området. I 2. kvartal 2014 var til dømes prosentdelen ledige stillingar 0,4 i Latvia og 0,5 i Polen. Noreg hadde til samanlikning ein prosentdel ledige stillingar på 2,6 i dette kvartalet.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Rakel Gading
E-post: rakel.gading@ssb.no
tlf.: 40 81 14 75
-
Jan Sebastian Rothe
E-post: jan.rothe@ssb.no
tlf.: 91 31 99 06