Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i ledige stillingar i industrien, opp i bygg og anlegg
I 2. kvartal var det 42 prosent fleire ledige stillingar i byggje- og anleggsverksemd enn i same kvartal året før. For industrinæringa var det ein nedgang i talet på ledige stillingar på 31 prosent i den same perioden. Nedgangen for oljenæringa held fram og var på heile 59 prosent.
2. kvartal 2015 | Endring frå året før | |
---|---|---|
Ledige stillingar | 63 200 | -2 800 |
Prosent ledige stillingar | 2,3 | -0,3 |
I 2. kvartal 2015 var det 63 200 ledige stillingar, 2 800 færre enn i det same kvartalet året før. I tråd med nedgangen i talet på ledige stillingar gjekk prosentdelen ledige stillingar ned frå 2,5 prosent i 2. kvartal 2014 til 2,3 i same kvartal 2015.
I næringa industri gjekk talet på ledige stillingar ned med 1 100 frå 2. kvartal 2014 til det same kvartalet i 2015, dette svarer til ein nedgang på 31 prosent. I næringa bergsverksdrift og utvinning, som er dominert av olje- og gassverksemd, gjekk talet på ledige stillingar også dette kvartalet sterkt ned: heile 59 prosent, altså meir enn ein halvering. Næringa byggje- og anleggsverksemd hadde derimot ein oppgang på 1 900 ledige stillingar frå same kvartal i fjor. Denne næringa hadde 6 400 ledige stillingar i 2. kvartal 2015, som er det høgaste talet som er målt sidan statistikken over ledige stillingar starta i 2010.
Nedgang i nokre tenesteytande næringar
Innanfor næringane forretningsmessig tenesteyting og informasjon og kommunikasjon gjekk talet på ledige stillingar ned frå 2. kvartal 2014 til 2. kvartal 2015, høvesvis med 3 000 og 1 000. Dette svarer til ein nedgang på 31 prosent for båe næringane. I næringa overnattings- og serveringsverksemd gjekk derimot talet på ledige stillingar opp med 700, som inneber ein auke på 35 prosent.
Fleire ledige stillingar i EU
EU hadde 1,7 prosent ledige stillingar i 1. kvartal 2015, opp 0,1 prosentpoeng frå same kvartalet året før. I denne internasjonale gjennomgangen har vi nytta tal frå 1. kvartal 2015 sidan tal for 2. kvartal 2015 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Vidare er primærnæringane haldne utanfor.
Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EØS-området. I 1. kvartal 2015 var til dømes prosentdelen ledige stillingar 0,6 i Polen og 0,5 i Lativa. På det same tidspunktet var prosentdelen 2,9 i Tyskland og 2,4 i Storbritannia. Noreg hadde til samanlikning ein prosentdel ledige stillingar på 2,2 i 1. kvartal 2015.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Rakel Gading
E-post: rakel.gading@ssb.no
tlf.: 40 81 14 75
-
Jan Sebastian Rothe
E-post: jan.rothe@ssb.no
tlf.: 91 31 99 06