221301_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
221301
Nedgang i ledige stillingar i olje og industri, opp i varehandel
statistikk
2015-11-13T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Statistikken viser utviklingen i antallet og andelen ledige stillinger, fordelt etter næring. I 3. kvartal 2015 var det 51 800 ledige stillinger i Norge.

Ledige stillingar3. kvartal 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i ledige stillingar i olje og industri, opp i varehandel

I 3. kvartal 2015 var det ein halvering av talet på ledige stillingar i oljenæringa samanlikna med same kvartal året før. For industrinæringa var det ein nedgang i talet på ledige stillingar på 39 prosent i den same perioden. Derimot hadde varehandel ein oppgang på 25 prosent.

Ledige stillingar
3. kvartal 2015Endring frå året før
Ledige stillingar51 800-2 900
Prosent ledige stillingar1,8-0,3

I 3. kvartal 2015 var det 51 800 ledige stillingar. Det er 2 900 færre enn i det same kvartalet året før. I tråd med nedgangen i talet på ledige stillingar gjekk prosentdelen ledige stillingar ned frå 2,1 prosent i 3. kvartal 2014 til 1,8 i same kvartal 2015.

I næringa industri gjekk talet på ledige stillingar ned med 1 100 frå 3. kvartal 2014 til det 3. kvartalet i år, dette svarer til ein nedgang på 39 prosent. I næringa bergsverksdrift og utvinning, som er dominert av olje- og gassverksemd, gjekk talet på ledige stillingar sterkt ned, med 50 prosent. Denne næringa har hatt nedgang kvart kvartal heilt sidan 4. kvartal 2012. Innanfor næringa forretningsmessig tenesteyting gjekk talet på ledige stillingar ned med 3 000 frå 3. kvartal 2014 til 3. kvartal 2015. Dette svarer til ein nedgang på 38 prosent.

Nokre næringar hadde oppgang

I varehandel var det 6 400 ledige stillingar i 3. kvartal 2015. Dette var ein oppgang på 1 300, eller 25 prosent, frå same kvartal i fjor. I offentleg administrasjon var det 3 800 ledige stillingar, 1 200 fleire enn i førre kvartal.

Fleire ledige stillingar i EU

EU hadde 1,7 prosent ledige stillingar i 2. kvartal 2015, ein oppgang på 0,1 prosentpoeng frå same kvartalet året før. I denne internasjonale gjennomgangen har vi nytta tal frå 2. kvartal 2015 sidan tal for 3. kvartal 2015 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Vidare er primærnæringane haldne utanfor.

Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EØS-området. I 2. kvartal 2015 var til dømes prosentdelen ledige stillingar 0,6 i Polen og 0,5 i Lativa. På det same tidspunktet var prosentdelen 2,7 i Tyskland, 2,5 i Storbritannia og 2,0 i Sverige. Noreg hadde til samanlikning ein prosentdel ledige stillingar på 2,3 i 2. kvartal 2015.