Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Sterk nedgang i talet på ledige stillingar
Talet på ledige stillingar i 4. kvartal 2015 gjekk ned med 10 prosent samanlikna med det same kvartalet året før. Oljenæringa hadde ein nedgang på heile 78 prosent. For industrinæringa var det ein nedgang i talet på ledige stillingar på 29 prosent i den same perioden.
4. kvartal 2015 | Endring frå året før | |
---|---|---|
Ledige stillingar | 47 300 | -5 400 |
Prosent ledige stillingar | 1,6 | -0,4 |
I 4. kvartal 2015 var det 47 300 ledige stillingar. Det er 5 400 færre enn i det same kvartalet året før. I tråd med nedgangen i talet på ledige stillingar gjekk prosentdelen ledige stillingar ned frå 2,0 prosent i 4. kvartal 2014 til 1,6 i same kvartal 2015.
I næringa industri gjekk talet på ledige stillingar ned med 700 frå 4. kvartal 2014 til 4. kvartal 2015, dette svarer til ein nedgang på 29 prosent. I næringa bergsverksdrift og utvinning, som er dominert av olje- og gassverksemd, gjekk talet på ledige stillingar også dette kvartalet sterkt ned, med 78 prosent. Næringa har hatt ein nedgang heilt sidan 4. kvartal 2012, frå 2000 ledige stillingar da til 200 i same kvartal i 2015.
I næringa forretningsmessig tenesteyting gjekk talet på ledige stillingar ned med 2 500 frå 4. kvartal 2014 til 4. kvartal 2015. Dette svarer til ein nedgang på 30 prosent. Vidare blei det 1 900 færre ledige stillingar i helsetenester, som svarer til ein nedgang på 33 prosent.
Nokre næringar hadde oppgang
I varehandel var det 5 400 ledige stillingar i 4. kvartal 2015. Dette var ein oppgang på 1 300, eller 33 prosent, frå same kvartal året før, men da var talet på ledige stillingar noko lågare enn det som har vore normalt for næringa. I offentleg administrasjon var det 3 700 ledige stillingar, 1 000 fleire enn i førre kvartal. Dette svarer til ein oppgang på 37 prosent.
Uendra tal på ledige stillingar i EU
EU hadde 1,7 prosent ledige stillingar i 3. kvartal 2015, opp 0,1 prosentpoeng frå same kvartalet året før. I denne internasjonale gjennomgangen har vi nytta tal frå 3. kvartal 2015 sidan tal for 4. kvartal 2015 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Vidare er primærnæringane haldne utanfor.
Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EØS-området. I 3. kvartal 2015 var til dømes prosentdelen ledige stillingar 0,6 i Polen og 0,4 i Lativa. På det same tidspunktet var prosentdelen 1,6 i Sverige og 2,6 i både Tyskland og Storbritannia. Noreg hadde til samanlikning ein prosentdel ledige stillingar på 1,9 i 3. kvartal 2015, når primærnæringane blir haldt utanfor.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Rakel Gading
E-post: rakel.gading@ssb.no
tlf.: 40 81 14 75
-
Jan Sebastian Rothe
E-post: jan.rothe@ssb.no
tlf.: 91 31 99 06