Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgangen i ledige stillingar i olje og gass held fram
Talet på ledige stillingar i 2. kvartal 2016 gjekk ned med 10 prosent samanlikna med det same kvartalet året før. Nedgangen fant stad særleg i olje- og gassnæringa, samt innan bygg og anlegg.
2. kvartal 2016 | Endring frå året før | |
---|---|---|
Ledige stillingar | 56 700 | -6 500 |
Prosent ledige stillingar | 2,0 | -0,3 |
I 2. kvartal 2016 var det 56 700 ledige stillingar. Det er 6 500 færre enn i det same kvartalet året før. I tråd med nedgangen i talet på ledige stillingar gjekk prosentdelen ledige stillingar ned frå 2,3 prosent i 2. kvartal 2015 til 2,0 i same kvartal 2016.
I næringa byggje- og anleggsverksemd gjekk talet på ledige stillingar ned med 2 900 frå 2. kvartal 2015 til 2. kvartal i år, dette svarar til ein nedgang på 45 prosent. For denne næringa var talet på ledige stillingar rett nok særleg høgt i 2. kvartal 2015, samanlikna med tilsvarande kvartal tidlegare år. Talet på ledige stillingar for denne næringa var 3 500 i 2. kvartal 2016, det lågaste for 2. kvartal dei siste 6 år.
Nedgangen held fram i bergverksdrift og utvinning, som er dominert av olje- og gassverksemd. Der var det 200 ledige stillingar i 2. kvartal 2016, mot 600 same kvartal i fjor. Går vi tilbake til 2012 var talet heile 2 500.
Også undervisning hadde ein nedgang, her var den 33 prosent. Også for denne næringa var talet på ledige stillingar særleg høgt i 2. kvartal 2015, samanlikna med tilsvarande kvartal tidlegare år.
Oppgang i nokre næringar
Næringa varehandel og motorvognreparasjonar hadde ein oppgang på 24 prosent frå 2. kvartal i fjor. Her var det no 6 700 ledige stillingar, mot 5 400 i så vel 2014 som 2015. For næringa informasjon og kommunikasjon steig talet på ledige stillingar frå 2 200 i 2. kvartal 2015 til 2 800 i same kvartal 2016.
Liten auke i talet på ledige stillingar i EU
EU hadde 1,8 prosent ledige stillingar i 1. kvartal 2016, opp 0,1 prosentpoeng frå same kvartalet året før. I denne internasjonale gjennomgangen har vi nytta tal frå 1. kvartal 2016 sidan tal for 2. kvartal 2016 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Vidare er primærnæringane haldne utanfor.
Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EØS-området. I 1. kvartal 2016 var til dømes prosentdelen ledige stillingar 0,8 i Polen og 0,7 i både Portugal og Spania. På det same tidspunktet var prosentdelen 2,4 i Storbritannia og 2,5 i både Sverige og Tyskland. Noreg hadde til samanlikning ein prosentdel ledige stillingar på 2,0 i 1. kvartal 2016, når primærnæringane blir haldt utanfor.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Rakel Gading
E-post: rakel.gading@ssb.no
tlf.: 40 81 14 75
-
Jan Sebastian Rothe
E-post: jan.rothe@ssb.no
tlf.: 91 31 99 06