253406_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
253406
51 200 ledige stillingar
statistikk
2016-11-10T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
ledstill, Ledige stillingar, jobbtilbod, næringsinndeling (for eksempel industri, undervisning, helsetenester …).Sysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Statistikken viser utviklingen i antallet og andelen ledige stillinger, fordelt etter næring. I 3. kvartal 2016 var det 51 200 ledige stillinger i Norge.

Ledige stillingar3. kvartal 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

51 200 ledige stillingar

Talet på ledige stillingar i 3. kvartal 2016 var nesten uendra samanlikna med det same kvartalet året før. Talet på ledige stillingar auka mellom anna i fagleg, teknisk og vitskapleg tenesteyting, medan det blei færre ledige stillingar i undervisning og offentleg administrasjon.

Ledige stillingar
3. kvartal 2016Endring frå året før
Ledige stillingar51 200-600
Prosent ledige stillingar1,80,0

I 3. kvartal 2016 var det 51 200 ledige stillingar, berre 600 færre enn same kvartal året før. Prosentdelen ledige stillingar var den same som tilsvarande kvartal året før, 1,8 prosent.

I næringa transport og lagring gjekk talet på ledige stillingar ned med 400 frå 3. kvartal 2015 til 3. kvartal i år, dette svarar til ein nedgang på 22 prosent. Nedgangen i talet på ledige stillingar held dette kvartalet fram i bergverksdrift og utvinning, som er dominert av olje- og gassverksemd. Der var det 300 ledige stillingar i 3. kvartal 2016, mot 600 same kvartal i fjor. Går vi tilbake til 2012 var talet heile 2 100.

Også undervisning og offentleg administrasjon hadde nedgang frå 3. kvartal 2015 til same kvartal 2016, her var den høvesvis på 30 og 29 prosent. Næringa pleie- og omsorgstenester i institusjon hadde ein nedgang på 1 800 ledige stillingar i same tidsrom. Likevel var det heile 6 900 ledige stillingar i denne næringa, noko som svarar til 3,7 prosent av alle stillingane i den næringa. Dette er meir enn dobbelt så høgt som for alle næringane sett under eitt.

Oppgang i nokre næringar

Næringa fagleg-, vitskapleg-, og teknisk tenesteyting hadde ein oppgang på 57 prosent frå 3. kvartal i fjor. Her var det no 3 300 ledige stillingar, mot 2 100 i 2015. For næringa industri steig talet på ledige stillingar frå 1 700 i 3. kvartal 2015 til 2 000 i same kvartal 2016.

Liten auke i talet på ledige stillingar i EU

EU hadde 1,8 prosent ledige stillingar i 2. kvartal 2016, opp 0,1 prosentpoeng frå same kvartalet året før. I denne internasjonale gjennomgangen har vi nytta tal frå 2. kvartal 2016 sidan tal for 3. kvartal 2016 førebels ikkje er gjort offentlege for alle landa. Vidare er primærnæringane haldne utanfor.

Det er store skilnader i nivået på prosentdelen ledige stillingar mellom landa i EU/EØS-området.

I 2. kvartal 2016 var til dømes prosentdelen ledige stillingar 0,9 i Bulgaria, 0,7 i Portugal og 0,8 i Spania. På det same tidspunktet var prosentdelen 2,5 i Storbritannia, 2,3 i Sverige og 2,4 i Tyskland. Noreg hadde til samanlikning ein prosentdel ledige stillingar på 2,0 i 2. kvartal 2016, når primærnæringane blir haldt utanfor. Om ein ser på utviklinga i perioden 2. kvartal 2013 til 2. kvartal 2016 er det også ein skilnad mellom EU og Noreg, der prosentdelen ledige stillingar går ned i Noreg medan han aukar i EU.