38465_om_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/ledstill/kvartal
38465_om
statistikk
2017-05-18T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
false

Ledige stillingar1. kvartal 2017

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Ledige stillingar
Emne: Arbeid og lønn

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for arbeidsmarkeds- og lønnsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Ledige stillingar

Det viktigaste aspektet ved definisjonen av ledig stilling er at stillinga må vere utlyst, formelt eller uformelt, slik at eksterne skal kunne søkje på ho. Formelle utlysningar vil til dømes vere annonsering i aviser, på internett, registrering hos NAV eller rekrutteringsfirma. Uformelle utlysningar vil vere til dømes oppslag i butikkvindauge eller oppslagstavler eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som utelukkande er ope for interne søkarar (internt i føretaket, organisasjonen eller konsernet) reknast ikkje som ledige etter denne definisjonen. Stillingen må vere betalt.

Vi skil ikkje mellom deltids- og heiltidsstillingar, slik at ein ledig deltidsstilling vert talt som éin ledig stilling. Vi skil ikkje mellom ledige stillingar som er nyoppretta (ledige stillingar der ingen er tilsette) og stillingar som er utlyste for å erstatte ein person som skal ut i permisjon eller slutte (ledige stillingar der nokon er tilsette).

Tidsaspektet er også viktig for å definere ledige stillingar. Gitt definisjonen ovafor er ein stilling ledig frå det tidspunktet at kunnskapen om at ho er ledig er gjort tilgjengeleg for nokre eksterne. Ein ledig stilling er difor ikkje ledig om det berre er teken ein intern avgjerd om å tilsette ein ny person utan at det er gjort kjent for eksterne på eit eller anna vis. Vidare er stillingen ledig inntil det tidspunktet ein kandidat er tilsett (definert heilt presist som det tidspunktet der arbeidskontrakt er underskriven) eller inntil det tidspunktet der ein av ein eller annan grunn har teke ei avgjerd om likevel ikkje å tilsette nokre nye.

Del av ledige stillingar

Del av ledige stillingar er ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av stillingar med tilsette og ledige stillingar. Vi nyttar omgrepet stillingar med tilsette i samsvar med talet på arbeidstakarforhold slik dette kjem fram i registra.

Ledige stillinger

Det er eit brot i variabelen prosentdel av ledige stillingar mellom 4. kvartal 2014 og 1. kvartal 2015. Dette er forklart i avsnittet nedanfor.

Arbeidstakarforhold

Fram til 2015 henta vi opplysningar om talet på arbeidstakarforhold frå NAV sitt Aa-register(via VoF). Arbeidsgjevarar plikta å registrere sine tilsette i dette registeret om det var slik at arbeidsforholdet skulle vare i minst sju dagar og arbeidstida truleg ville vere i gjennomsnitt minst fire timar per veke. Frå 1. kvartal 2015 har vi henta opplysningar om talet på arbeidstakarforhold frå a-meldinga. Rapportering av løns- og tilsettingsforhold til Skatteetaten, NAV og Statistisk sentralbyrå (SSB) er samla i a-meldinga og skal verte sendt inn kvar månad av alle som betalar ut løn, pensjon og andre ytingar. I a-ordninga fangar vi opp arbeidstakarforhold som ikkje blei fanga opp av Aa-registeret mellom anna fordi tidsavgrensinga er tatt bort. Disse kvalitetsforbetringane gjer at ein får inn fleire arbeidstakarforhold enn ein gjorde i Aa-registeret. Det er difor eit brot i talet på arbeidstakarforhold mellom 4. kvartal 2014 og 1. kvartal 2015. Disse blir ikkje publisert i denne statistikken, men dei inngår i nevneren til prosentdelen ledige stillingar. Dette betyr at det er eit brot i prosentdelen av ledige stillingar mellom 4. kvartal 2014 og 1. kvartal 2015.

Referanseperiode

Referanseperioden for alle omgrepa er sett til utgangen av midtarste månad i kvartalet. Vi reknar at denne referanseperioden er representativ for resten av kvartalet. Vi gjennomfører datainnsamlinga for kvart kvartal rundt denne perioden, og vi refererar til denne tidsperioden i spørsmålsformuleringa om ledige stillingar. Omgrepa talet på arbeidstakarforhold og næring vert henta frå tilrettelagde tal frå a-ordninga, og frå et situasjonsuttak av Verksemnds- og føretaksregisteret.

Standard klassifikasjonar

Næring er koda etter Standard for næringsgruppering, SN2007.

Administrative opplysingar

Bakgrunn

Produksjon

Nøyaktigheit og pålitelegheit