Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Månadslønna steig med 6,2 prosent
Gjennomsnittleg månadslønn for heiltidstilsette i finanstenester utgjorde 44 000 kroner per september 2007. Dette er ein gjennomsnittleg auke på 2 600 kroner, eller 6,2 prosent, frå same tidspunkt året før.
Avtalt månadslønn auka i same periode frå 36 600 kroner til 38 500 kroner, eller med 5,1 prosent.
Lønnsvekst i bank- og forsikringsverksemd
I september 2007 var gjennomsnittleg månadslønn for heiltidstilsette i bank og forsikring 40 700 kroner, ein vekst på 2 000 kroner, eller 5,1 prosent, frå same tidspunkt i 2006.
To tredelar av tilsette i bank og forsikring har yrke på høgskulenivå. Denne gruppa omfattar blant anna bank- og forsikringsfunksjonærar, kundebehandlarar og konsulentar med ei gjennomsnittleg månadslønn på 35 700 kroner. Dette er ein auke på 5,6 prosent, eller 1 900 kroner, frå september 2006.
Akademiske yrke omfattar blant anna advokatar, rådgjevarar, systemutviklarar og seniorkonsulentar. For denne gruppa auka gjennomsnittleg månadslønn med rundt 1 100 kroner, eller 2,5 prosent, til 45 700 kroner.
Leiarane i bank og forsikring hadde ei gjennomsnittleg månadslønn på 61 500 kroner, ein auke på 4 000 kroner, eller 6,9 prosent, frå same tidspunkt i 2006.
Oppgang også i anna finansiell tenesteyting
Heiltidstilsette i anna finansiell tenesteyting hadde ein vekst i gjennomsnittleg månadslønn på 4 600 kroner, eller 8,8 prosent, til 56 500 kroner.
Høgast vekst i gjennomsnittleg månadslønn hadde tilsette i yrke på høgskulenivå med 11,3 prosent. Denne yrkesgruppa omfattar mellom anna aksjemeklarar, porteføljeforvaltarar og konsulentar med ei gjennomsnittleg månadslønn på 52 300 kroner.
Gruppa akademiske yrke tente i snitt 61 300 kroner per september 2007, ein auke på 4 300 kroner eller 7,6 prosent samanlikna med 2006.
Leiarane i anna finansiell tenesteyting har i snitt ei månadslønn på 78 900 kroner.
Årslønna auka med 5,9 prosent
Heiltidstilsette i finanstenestar har ei utrekna gjennomsnittleg årslønn på 520 700 kroner for 2007. Dette er ein auke på 28 900 kroner, eller 5,9 prosent ,samanlikna med 2006. I bank og forsikring er utrekna årslønna for 2007 på 480 500 kroner, ein auke på 4,8 prosent frå 2006. Tilsvarande årslønn for tilsette i anna finansiell tenesteyting utgjorde 670 500 kroner, ein auke på 8,6 prosent frå året før.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken byggjer på eit utval verksemder i finanstenester med til saman 36 882 heiltidstilsette og 4 866 deltidstilsette. Ifølgje foreløpige tal frå nasjonalrekneskapen for 2. kvartal 2007, har finanstenester til saman 50 600 sysselsette lønnstakarar. |
Tabeller:
- Tabell 1 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadslønn, etter næring per 1. september 2005-2007. Kroner og endring i prosent
- Tabell 2 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadslønn, etter næring og yrkesgruppe per 1. september 2007. Kroner
- Tabell 3 Heiltidstilsette i finanstenester. Utrekna årslønn, etter næring per 1. september 2002-2007. Kroner og endring i prosent
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42